Laga bråk på utestad

Ein mann frå Haugesund laga bråk og oppførte seg ubehageleg ovanfor andre gjester på ein […]

Ein mann frå Haugesund laga bråk og oppførte seg ubehageleg ovanfor andre gjester på ein utestad i Etne fredag kveld. Bråkmakaren vart fjerna, men dukka opp igjen. Politiet tok deretter hand om mannen, og tok han med til Haugesund, der han vart sett i arresten. Mannen fekk eit førelegg på 4.000 kroner som han vedtok.