Rekordfå elevar

Dei siste ti åra har elevtalet ved Skånevik skule gått vesentleg nedover, frå 141 elevar […]

Dei siste ti åra har elevtalet ved Skånevik skule gått vesentleg nedover, frå 141 elevar i 1995 til 95 elevar for inneverande skuleår.
Av desse er 26 elevar ved ungdomsskulen. Seks elevar i 8. klasse, ni i 9. klasse og elleve i 10. klasse.
— I fjor var det ein klasse med 21 elevar, difor stupte elevtalet i år. Totalt sett vil ikkje elevtalet gå nedover, men oppover mot 2010. Eg trur me har nådd botnen, seier Kjell Ingvald Matre, rektor ved Skånevik skule.
På midten av 90-talet var det gjennomsnittleg 20 elevar i ein klasse ved Skånevik skule. Nå er snittet 9,5 elevar i kvar klasse.
Nedgangen i talet på innbyggjarar har også vore sterk dei siste åra. Totalt sett går folketalet i Etne kommune nedover, og Skånevik har den største nedgangen med 79 færre innbyggjarar sidan 1999. I dag bur 961 personar i Skånevik. Tal frå kommunen viser at Enge og Sørstranda har vakse mest i denne perioden, medan alle dei andre grendene går nedover.
— Eg håper me kan snu den utviklinga. Arbeidsplasser er viktige for å snu den trenden, seier Matre.

Næringslivet
Etter skuleslaktinga i 2000 og 2001 er Etne kommune nok ein gong framme med sparekniven. Rådmann Elling Hetland peika i budsjettvurderinga si på at ungdomsskulesteget i Skånevik er så viktig for næringslivet i bygda at det bør behaldast. Men rektor Matre er ikkje overbevist før kommunestyret har sagt sitt 13. desember.
— Eg prøver å slappa av og trur det går bra. Eg vil bli overraska viss dei går til det steget og legg ned ungdomssteget, seier Matre.
Rektoren meiner også at det er viktig for elevmiljøet å ha ein skule som omfattar 1.-10. klasse.
— Viss me bygger ned skulen, taper miljøet på det. Ikkje minst vil fagmiljøet bli redusert fordi ungdomssteget ofte har høgare kvalifisert fagpersonell, seier Matre.
Matre var rektor ved Sørstranda då den blei lagd ned i 2000, og byrja då å pendla frå Sørstranda til Skånevik. Han trekkjer fram mange gode kvalitetar ved Skånevik, som den flotte naturen og idrettshallen.
— Me må marknadsføra Skånevik som ein god plass å bu. Skånevik har fått negativ merksemd i media. Det er kanskjeedtok.