Likevel meinar eg at dette kan sjåast på som ein motsetnad ein har laga for at store produsentar lettare skal få tilgang til verna marknadar. Det er særskild store produsentar i land som til dømes USA, Brasil eller Australia som har noko å tene på liberalisering. Småbønder som arbeidar for å fø seg sjølv og sin familie står lettare i fare for å verta offer for desse same produsentane, og treng difor vern. Land som Guyana har synt at ein periode med sterk proteksjonisme har leia til at landet no er i stand til å fø eiga befolkning, medan andre land som Haiti har gjort seg avhengige av verdsmarknadsprisen på mat, og lir såleis av dette når denne ligg på høge nivå. Liberalisme er inga løysing for dei som svelt.
Når då mange anklagar Noreg si vern av landbruket for å vera medverkande til fattigdom kan ein byrja å lura; Noreg er eit land med ein nærast ubetydeleg eksport av landbruksvarer og skadar difor ingen lokal produksjon i fattige land. Samstundes er det stor sannsynlegheit for at med mindre barrierar så ville dette først og fremst ha gagna rike storbønder og multinasjonale selskap.
Vidare meinar eg at ein ser alt for ofte vekk ifrå dei andre positive sidene ved eit levande landbruk. Denne næringa tilfører landet eit rikt kulturlandskap, sysselsetting i eit bygdenoreg som treng desse arbeidsplassane, samstundes som Noreg er garantert ei viss sjølvforsyning innan nokre matvarer som til dømes melk, delar av kornbehovet og brorparten av kjøtbehovet; noko som verkar strategisk i ei verd der matvareprisane er ustabile.
Subsidiane tillét å oppretthalde eit landbruk som ikkje treng å vera industrielt og i stor skala for å kunne drive, og tillét unge å byrje i ei næring som har ein svært lang og rik historie i Noreg.
Eg håpar at staten i åra framover støttar eit landbruk som eg vonar har ei lang framtid føre seg.
Even Fatland
Landbruket i Noreg
Likevel meinar eg at dette kan sjåast på som ein motsetnad ein har laga for […]