Landbrukskontoret og Senterpartiet

Men eg respekterer vedtak som er gjort og eg trur at det landbruksfaglige kan bli […]

Men eg respekterer vedtak som er gjort og eg trur at det landbruksfaglige kan bli teke vare på også i framtida med den modellen som er vald. Det er trass alt det nye kommunestyret som gjennom budsjettet bestemmer bemanning og virksomhet elles på landbrukskontoret.
Ei samla Fellesnemnd ga i fjor vår prosjektleiar Thorheim vide fullmakter til å setja saman ein administrasjon som var enkel og kostnadseffektiv. På eit fellesmøte 11. januar med senterpartigruppene og styret i Ølen og Vindafjord, der Arne Bergsvåg var med, vart det gjeve uttrykk for at ein ønskte å behalda landbrukskontoret som eiga eining. Men det vart ikke halde noka avstemning.
Når ein då veit at prosjektleiaren har fått fullmakt til å gjera dei grep han meiner er rette i å konstruera administreringa av den nye kommunen, ville det vera å ta frå han dei fullmakter Fellesnemnda sjølv har gjeve han å stemma han ned når Thorheim har fast bestemt seg for denne modellen. Så då har Bergsvåg slik eg ser det ikkje vore illojal.
Til slutt vil eg håpa at eit samla senterparti med ein einstemmig nominert ordførerkandidat Arne Bergsvåg i spissen, gjer eit kjempeval til hausten. Den nye kommunen treng ei stor senterpartigruppe i kommunestyret.

Birger Bratland
Leiar i Nye Vindafjord Senterparti