Skal utstyre eit heilt lag

Besøket frå Palestina er kome i stand gjennom eit prosjekt som Etne sokneråd, Etne Røde […]

Besøket frå Palestina er kome i stand gjennom eit prosjekt som Etne sokneråd, Etne Røde kors og KFUK/KFUM speidarane står for. Å spela kamp på ein skikkeleg fotballbane, har vore ein draum for ungdommane lenge. Difor skal dei få spele ein oppvisningskamp mot eit lokalt lag søndagen under årets Etne Cup.
— Problemet er at dei ikkje eig fotballutstyr. Dersom nokon kome innom idrettskontoret på fredag med fotballsko, leggbeskyttarar og anna utstyr, som ikkje er i bruk lenger, vert både me og ungdommane svært glade, seier Etne Cup general, Sigbjørn Rafdal.
Ungdommane er mellom 14 og 17 år, og det er både jenter og gutar. Dersom bedrifter kunne tenkje seg å sponse ungdommane også, seier dei heller ikkje neitakk.
Jubileumscup
I høve 25 års jubileet spanderer arrangørane litt ekstra på årets cup. Ein konsert med Malin Pettersen, kjend frå Idol, og gratis hamburgarar og pølser, er noko av det dei byr på.
— Me har fått i stand ein avtale med grunneigar Amund Enge om å bruke ein del av hans eigedom til grasbanar. Dermed vert det langt fleire kampar på gras dette året, seier Sigbjørn Rafdal.
Oppslutnaden dette året er noko under det som var forventa.
— Me har vore oppi 130 lag, og i år kjem det berre 90. Uansett blir det sikkert nok å henge fingrane i, seier Sigbjørn Rafdal.
Det meste er no klart for storinnrykk til helga. Det han er mest spent på er om vergudane er i godlune. Gjørmefotball i regnver er ikkje det heilt store, når så mange ungarer samla.