Lang kø etter brønnvatn

Øyvind Værås i Værås Brønnboring har hatt hendene fulle og bora 22 brønnar i distriktet […]

Øyvind Værås i Værås Brønnboring har hatt hendene fulle og bora 22 brønnar i distriktet i det siste. Rett før helga var dei på Borgøy for å bore fleire brønnar. I dag er dei tilbake i Etne for å finne nytt vatn.
— Det er mest gardsbruk det går i. Frosten er nesten verre enn tørken, og mange mistar vatn av den grunn, seier Værås.

Var heldige
Grunnarbeidet hos Steinshagen samdrift er i gang, og dei måtte skaffe seg tilgang på vatn før dei kan setje i gang med bygging av det store fjøset i Steinshagen rett ved Etneelva. Dei vurderte fleire alternativ, men landa på at boring ville kunne bli både mest rimeleg og gi tryggast vatn. Sjølv eit par kilometer frå Etne sentrum er det ikkje noko vassverk å kople seg på
— Spruten stod opp, så dette er veldig lovande. Det ser ut til at det er eit rett val vi gjorde. Her er rikeleg med vatn, og nå gjenstår det berre å ta prøvar av kvaliteten. Eg reknar med at den er i orden. Det er ein fordel å kome rett ned på fjell slik vi gjorde, seier Sørheim.

Lettvint
Dei trong berre gå eit lite steinkast frå det som skal bli fjøsveggen, for å finne vatn. Ikkje alle har det så enkelt. No er det berre straum som manglar før dei kan få tatt vassprøvene.
— For å vere i Etne er dette eit svært godt resultat. Frå rundt 54 meter kan dei hente nærmare 10.000 liter i timen om dei vil. Det er vel det dei treng for eit heilt døgn. Dei har vatn til evig tid, fortel brønnborar Værås.
Sørheim synst det er ein lettvint måte å skaffe seg vatn på, og i tillegg ha flaks med å finne ei solid vassåre. Ein er aldri garantert å skyte gullfuglen.

Spesiell vinter
Tor Sigve Kaldheim i Etne har også bora etter vatn i veka som gjekk. Hos han var det røyr som fraus og gjorde at tilgangen på vatn ikkje vart stor nok på garden.
Værås brønnboring har base i Vikesund, men har bora etter vatn på Haugalandet i 14 år. Og dei seinare åra har dei brukt store delar av kapasiteten sin på å skaffe vatn til gardsbruk. Akkurat no er fleire i ein prekær situasjon og manglar vatn på grunn av tørke og frost.
Men tidlegare er det svært mange som har bora for å skaffe seg betre vatn på grunn av krav i husdyrproduksjonen. Mattilsynet krev absolutt reint vatn.
Ikkje uventa meiner ein brønnborar at boring er ein svært god måte å skaffe seg vatn på. Øyvind Værås viser til at Suldal kommune skaffar drikkevatn gjennom brønnar.
På ein dag i januar bora firmaet hans fem brønnar på Sørstranda i Etne.
— Mange har usikkert vatn og dårleg kvalitet, seier Øyvind Værås.