Langsamt frammed rask fiber

Per i dag er alle dei kommunale bygga i Vindafjord kopla til eit fiberoptisk breibandnett. […]

Per i dag er alle dei kommunale bygga i Vindafjord kopla til eit fiberoptisk breibandnett.
— I 2005 skreiv me ein avtale med Haugaland Kraft om å leige nettet i sju år, og i første kvartal i 2006 var fibernettet på plass. Nå er det opp til samarbeidspartnar Skånevik Ølen Kraftlag om å byggja nettet vidare, seier Karl Berge, IKT-sjef i Vindafjord kommune.
Han fortel at så langt er kommunen nøgd med tilbodet.
— Det gjer oss høve til å samla opp alle dataserverane på Rådhuset. Internettkapasitet har auka frå 64 kilobit opp til 100 megabit. Med denne kapasiteten kan me køyra 90 ulike program og system me brukar i kommunen. Me fiberbreiband kan me bruka IP-telefoni til å ringja gratis internt i heile kommunen, seier han.
Status i dag
Haugaland Kraft sin hovudfiberkabel kjem frå Haugesund og strekkjar seg heilt opp til Litledalen i Etne. Etne Elektrisitetslag byggjer vidare ut i Etne kommune, medan Skånevik Ølen Kraftlag har ansvar for gamle Skånevik og Ølen kommunar. Haugaland Kraft inngjekk ein avtale med Suldal Elverk om å byggja saman eit fibernettverk frå Marvik til Vikedal, men då dreier det seg berre om bygging av hovudkabel mellom desse punkta. Det tyder ikkje at innbyggjarane langs fiberkabelen får høve til å kopla seg til fiber i denne omgangen.
— Først må me kartleggja kor mange som er interesserte i å ha tilbodet. Så må me rekna på kva det eventuelt vil kosta. Det er ikkje mogeleg å rekna ut på førehand, forklarer Jan Håland i Haugaland Kraftlag.
Skånevik Ølen Kraftlag står bak etablering av fiber i dei fleste store og små bedrifter, og kommunale bygg i gamle Ølen kommune. Nå har kraftlaget også omlag 80 privat- og 30 bedriftsabonnement.
— Målet er å få 100 nye kundar i året. I år har me fått 50 nye kundar berre i Skånevik der me held på å jobba nå, og me reknar med 10-15 til. Dette ser bra ut. Neste steget for SØK er Vågshagen og Ølensvåg, der me hadde salgsmøte i slutten av januar og har fekk 14-15 kundar. Men me må samla opp rundt 40 før me går i gong, fortel Kristoffer Vannes i SØK.
Øvrehagen og Dørheim
I starten av mars vil SØK starta salskampanje i Øvrehagen og Dørheim byggefelt i Ølen. I fjor bygde SØK fiber for ti millionar, i år vil prislappen komma på seks millionar.
Etne Elektrisitetslag er ferdig med fibernettverk i Kambe og Silde byggefelt og delar av Rygg. Nå jobbar dei på Enge og rettar blikket mot Etne sentrum, Sæbø og Madsgård. Målet er å få 350 kundar. Nå har Etne E-lag om lag 100 fiberabonnement.
— Mange her er ivrige og kjem for å spørja kva tid vil med komma til dei. Neste byggemøte skal vera på Madsgård og me må få med oss 40-50 prosent av innbyggjarane der for å komma i gong, seier Torstein Kristiansen i Etne Elektrisitetslag.
Ressurskrevjande
Ifølgje breibandsansvarleg Jan Håland i Haugaland Kraft er det mange fordelar med fiberoptisk breiband. I ei så kalla ALTIBOX-løysing får kundane superraskt internett, telefon og opp til 40 TV-kanalar for ein knapp tusenlapp i månaden. Tenesta har store fordelar, men for utbyggjarane er det to utfordringar – det er kostbart og tidskrevjande å leggja ned fiberkabel. Dette er grunnen til at dei fleste fiberabonnementa ligg nær hovudkabelen som går gjennom sentrale delar av Etne og Vindafjord.
I desse dagane held Haugaland Kraft på i to byggefelt i Isvik, der gravingsarbeidet er i full gong.
— Det er dette som tek mest tid, seier Jan Håland, breibandsansvarleg i Haugaland Kraft.