Langt fram til opprykksplass

4. divisjon avd. 2 Ølen stadion, 11. september GrannKam-Sandved 0-1 (0-1) Mål: 0-1 Kenneth Larsen […]

4. divisjon avd. 2
Ølen stadion, 11. september
GrannKam-Sandved 0-1 (0-1)
Mål: 0-1 Kenneth Larsen (40. min.)
Dommar: Toni Liestøl, Haugar
Om lag 15 tilskodarar

Laget i Idol-Kjartan sitt hjarte, bydelsklubben Sandved, har avansert med ekspressfart i seriesystemet dei siste åra. Til seriekampen i Ølen kom dei med to spelarar med fersk andredivisjonserfaring frå Sandnes FK.
Gjestene hadde overtaket i banespelet gjennom det meste av kampen, og dei hadde også dei fleste og beste målsjansane. Etter første omgang burde dei ha leia med meir enn eitt mål. Oppgjeret var likevel så jamt og så tett at GrannKam kunne ha knipe poeng, spesielt utover i andre omgang då ein lang serie underlege dommaravgjersler øydela konsentrasjonen hjå nøkkelspelarar på begge lag.

Sandved dominerte

Det meste av banespelet i første omgang skjedde på heimelaget sin banehalvdel. Etter eit drygt kvarter burde Kenneth Larsen ha sendt Sandved i leiinga, men han sette ballen utanfor det opne målet. Ti minutt før pause heada ein Sandved-spelar knallhardt i tverrliggjaren etter at Dan Jansen hadde laga eitt av mange frispark ved å dra ein motspelar i trøya.
Fem minutt før pause gjekk Sandved opp i leiinga. Det var endå ein gong Kenneth Larsen som var frampå, og denne gongen sette han ballen kontant i mål ved stolperota, til venstre for ein utspelt GrannKam-målmann.
Etter å ha sleppt inn målet, hadde også GrannKam eit par saftige scoringssjansar. Like før pause måtte Sandved-keeperen måtte ned og redda, og eit kvarter etter sidebytte hadde heimelaget ein ny, stor sjanse.

Miste kontrollen

Utover i kampen markerte dommar Toni Liestøl seg som den dominerande aktøren på banen, og fleire av spelarane gav verbalt uttrykk for at han øydela kampen. Døminga hadde karakter av å vera vilkårleg og inkonsekvent, og dette gjekk ut over begge laga i lik mon. Spelarar på begge lag brukte meir krefter på å kjefta på dommaren enn på å spela fotball.
Kampen ebba ut med ein fortent 1-0-siger til det nyopprykka kometlaget Sandved, som dermed langt på veg har sikra plassen i 4.divisjon. Der spelar også GrannKam neste år, med mindre dei får mykje hjelp frå andre lag. Fire seriekampar før slutt, ligg GrannKam åtte poeng bak siste opprykksplass.