Langt mellom sentrale tomter

I Etne, Ølen, Sandeid og Vikedal ligg dei fleste nyare byggjefelta langt oppe i liene. […]

I Etne, Ølen, Sandeid og Vikedal ligg dei fleste nyare byggjefelta langt oppe i liene. Det er helst desse stadene kommunane kan by på byggjeklare tomter. Det gjeld Kambe, Øvrehagen, Østbøfeltet og den søre delen av Søndenåfeltet. Ikkje alle desse stadene er like populære blant ungdom i etableringsfasen, som ofte ønskjer å bu nærare bygdesentra. Spesielt tomtene øvst på Kambefeltet i Etne har stått uselde i mange år. Heller ikkje på det private feltet på Eikanes på Sørstranda, står husbyggjarane i kø.
I Vikedal og Sandeid er det ingen sentrumsnære tomter tilgjengelege. I Ølen står det att ei einaste kommunal tomt på Hauane. For den som vil busetja seg i Imsland, er det særs rimelege tomter å få kjøpt i bygdesenteret Ølmedal.
Når det gjeld ytre strøk, er det betre stilt. Det er sentrale tomter tilgjengelege både i Vats og i Skjold. Kårhus-feltet ved sjukeheimen er kommunalt, medan Kalstveit og Vik byggjer ut Isvik-feltet i Skjold. På Berge Sag sitt felt på Knapphus i Øvre Vats, tek det til å minka på tomtene.
I Etne har kommuneadministrasjonen støtt på motstand i miljøvernavdelinga hjå fylkesmannen, då dei ville regulera til eit trettitals bustadstomter på Enge. I eit kompromiss er dette redusert til 13 tomter på Trygve Birkenes sin eigedom på nordsida av Enge skule. Rådmann Elling Hetland vil innstilla på at dei folkevalde samtykker til forslaget han legg fram for kommunestyret 18. oktober. Dersom reguleringsplanen vert vedteken, kan det vera klart for tomtesal og byggjestart i november. Hetland reknar ikkje med det vil koma motstand frå statleg elles fylkeskommunalt hald, dersom politikarane går for den framlagde planen.
Ein kompliserande faktor i dette kompromisset, er at Etne har forplikta seg til at dei ikkje vil omregulera meir landbruksjord til verna bustader eller psykiatriomsorg. Dersom kommunen skal byggja ut slike tilbod, vil det altså gå ut over dei 13 tomtene planen legg opp til.
Ein annan uviss faktor i Etne, er at det slett ikkje er sikkert kommunestyret vedtek reguleringsplanen for Enge slik han vert lagt fram for dei i neste veke. Dersom reguleringsplanen vert avvist, er det heilt uvisst kor mange månader eller år det vil gå før kommunen eller private utbyggjarar kan tilby sentrumsnære tomter i Etne.
Eit større gardsbruk på Fitja rett nord for bygdesenteret i Etne er regulert til bustadføremål, og her er kommunen i ferd med å leggja til rette for utbygging. Dette opplyser sakshandsamar Odd Inge Vestbø, som ikkje kan seia konkret kor lang tid det vil ta.