Langt til rehabilitering

Helse Vest har opna for at det blir bygd to til fire nye rehabiliteringssentra. Vestlandet, […]

Helse Vest har opna for at det blir bygd to til fire nye rehabiliteringssentra. Vestlandet, og særleg vårt distrikt, har færrast slike opplæringsinstitusjonar i landet. Difor meiner psykiater Hans Olav Tungesvik i Skånevik at Etne kommune må kaste seg inn i kampen om å få eit slikt senter.
I eit brev til ordførar Amund Enge i Etne kommune ber Tungesvik om at det blir gjort ein innsats for å skipe eit rehabiliteringssenter i Helseregion Vest med plassering i Skånevik.
Tungesvik viser til at det for tida er ein viktig diskusjon i gang om plassering av nye opptreningssentra på Vestlandet.

Tomrom i regionen
— Det blir arbeidd med å plassere eit slikt senter i Ulvik.
Etter mi meining er dette ei direkte feilplassering, sett i lys av at vi alt har Hagahaugen Opptreningssenter på Voss, Ravneberghaugen Opptreningssenter i Os og Sjømennenes Helseheim i Åsane. I Rogaland finst det ikkje eit einaste opptreningssenter, det næraste for folk i Sør-Rogaland, er Eiken i Vest-Agder, seier Tungesvik.
Han tilrår konkret at eit nytt opptreningssenter innanfor Helseregion Vest blir plassert i Skånevik, slik at dette blir lett tilgjengeleg også for folk frå Nord-Rogaland.
— I dag er det dyrt for både det offentlege og pasientane i vårt distrikt å reise til rehabilitering. Reisa blir dekka til næraste institusjon, og når ein veit at vi mange gonger må sende pasientane austover til mellom anna Gudbrandsdalen og Valdres, blir dette dyrt, seier Tungesvik.

Færrast i landet
Helseregion Vest har i dag vesentleg færre plassar i opptreningssentra enn dei andre helseregionane. Medan Helse Aust har 71 plassar per 100.000 innbyggjarar, har Helse Vest berre 27 plassar per 100.000 innbyggjarar.
— Det er både rett og rimeleg at Helseregion Vest opnar for to til fire nye opptreningssentra i Helseregionen, og det hastar. Behovet er stort, seier Tungesvik.
Han fortel at det siste halvåret har ei uformell gruppe i Etne kommune drøfta spørsmålet om å starte eit arbeid med tanke på å få eit av dei nye opptreningssentra, plassert i Skånevik. Dette ut frå liknande motiv som dei som er registrert i Ulvik: Vakker natur, mangel på arbeidsplassar og gode kommunikasjonar.
Hans Olav Tungesvik ser for seg fleire område i Skånevik som aktuelle stader å plassere eit slikt senter.
— Ja, eit område på Skålnes bak hyttefeltet, synest eg er særs eigna. Men det er finst fleire andre område òg, seier han.
Ordførar Amund Enge seier det er klart kommunen vil gjere sitt og arbeide saman med Hans Olav Tungesvik når han nå frontar ei plassering av eit rehabiliteringssenter i vårt distrikt.
— Dette er ei interessant sak, som vi må arbeide saman om, seier han.