Det er ikkje kvar dag Sandeid bibliotek har besøk av 47 forfattarar på ein gong, men det var tilfelle torsdag. Dette skuleåret har 3. klassene ved Vikedal og Skjold skular skrive sine eigne bøker, og dei stolte forfattarane presenterte bøkene for kvarandre, lærarar og folk frå PP-tenesta.
Reidun Håkull i PPT fortel at bokskrivinga er ein del av eit lese- og skriveprosjekt i Vindafjord-skulane.
— Me ønskjer å kvalitetssikre lese- og skriveopplæringa i skulen. Sandeid skule begynte, og det vart søkt om og frigitt ein lærar til dette arbeidet. Lærarar i barneskulen har hatt nettverksmøte og utveksla idear med kvarandre, og det har vore inspirasjonskveldar der foreldra var inviterte. Fylkesbibliotekar Anne Liv Tønnesen deltok her.
Håkull fortel at i inneverande år vart 3. klassene i Skjold og Vikedal valde ut, neste år håpar dei å få midlar slik at alle 3. klassene kan bli med i opplegget.
Klassestyrar for 3A ved Skjold skule, Signe Klungland synest samarbeidet med PP-tenesta og biblioteket har fungert fint, og at dette har vore kjekt å arbeide med.
— Leseprosjektet starta ved skulestart i haust, skriving av boka begynte vi med ved nyttår. Og sjølv om nokon av elevane har vore ivrigare enn andre i prosessen, er det viktig å få fram at det er eit fellesprosjekt i klassa. Alle har ytt noko, seier ho.
Fekk diplom
Som eit minne om boklanseringane, fekk alle dei 47 forfattarane kvar sin diplom overrekt av ordførar Reidar Håvås.
Han meinte elevane måtte bruke biblioteket flittig av minst to grunnar.
— For det første er det ein kjekk stad å vere, og for det andre er det gratis å gå dit, sa Håvås.
Tre bøker
Bibliotekar Kari Breivik Hauge har vore sentral i arbeidet, og roste resultatet, og meinte intensjonane var nådd.
— Eg vart heilt overvelda då eg fekk resultatet. Bøkene er blitt så spennande og fine at eg lo inni meg, fortalde ho til forfattarane.
— Tanken er at elevane skal få utvikle seg gjennom ord og bilde. Skrivinga skal stimulere både språk og fantasi. Når det gjeld bøkene, skulle elevane stå fritt om dei ville lage ei biletbok eller noko anna, fortel ho.
Ho minna om at det berre er ved å lese ein blir glad i å lese meir. Dette har vore tilfelle i denne prosessen. Det har vore lånt heile bokkasser frå biblioteket til skulen, og foreldra har også vore flinke til å lese for elevane.
— Eg veit de har lese mykje nå, og eg håper de vil halde fram med det. Eg ønskjer de alltid vil ha ei godbok i hylla, sa Breivik Hauge.
Dei tre klassene presenterte bøkene sine. 3A ved Skjold skule har skrive, «Tom og Thea har sommarferie». 3B ved Skjold skule, «Stein og Stine på oppdrag» og Vikedal skule har skrive «Dei to vennene».
Lanserte eigne bøker
Det er ikkje kvar dag Sandeid bibliotek har besøk av 47 forfattarar på ein gong, […]