Larsen til topps

Bjørnar Larsen frå Vindafjord IL viste ryggen til resten av landseliten på 15 kilometer klassisk […]

Bjørnar Larsen frå Vindafjord IL viste ryggen til resten av landseliten på 15 kilometer klassisk (19-20 år) i BUL-sprinten på Gålå i helga. — Det er det beste løpet eg har gått nokon gong, sa Larsen etter laurdagens skirenn. I går tok han 4. plass på 30 kilometer fristil trass i at han datt og slo seg i løpet i Gudbrandsdalen. Klubbkameraten Thomas Vestbø tok ein 10. plass i den same klassen. Senioren Chris Jespersen frå Korlevoll IL tok 10. plass på 30 kilometer fri teknikk i det same rennet. Om to veker ventar uttak til junior-VM.