Latter og måling på Eikemo

Kunstmålar Annhild B. Gustavsen er mellom anna utdanna innan grafisk design, interiør og kreativitet. Ho […]

Kunstmålar Annhild B. Gustavsen er mellom anna utdanna innan grafisk design, interiør og kreativitet. Ho hadde ein flott jobb, men så bestemte ho seg for å hoppe av stresskarusellen for å drive med noko ho verkeleg brann for. I dag driv ho firmaet ADesign på Aker brygge, som mellom anna tilbyr: latteryoga, latterevent, latterkurs og målekurs.
— Alle har ei eller anna form for strek inni seg og alle kan teikna, seier Gustavsen. Den gleda ein får ved å måle er viktig og den gir masse energi, held ho fram.
— Latter er som indre jogging, den trimmar innvollane. Er du i dårleg humør når du vaknar ein morgon, så still deg ved spegelen og le til deg sjølv, oppfordrar Annhild.

Kreative folk
Det var Valborg Eikemo som tok kontakt med Gustavsen, ho hadde lese om ADesign på nettet og ville arrangera eit måle- og latterkurs. Dei to vart samde om at eit slikt kurs passa fint i dei flotte omgivnadane på og rundt Eikemo-garden. Det vart påmelding, og då helga kom var det fem damer og ein mann som stilte klare til kurs. Deltakarane kom frå blant anna Odda, Stavanger og Oslo. Gustavsen sjølv kom køyrande den lange vegen fra Aker brygge, men ho meinte at sju timars køyring var ingenting for denne openbaringa,
— Det er som ei ny verd, ja det er terapi berre å komme over fjorden, sa ho.
— Folk her er så kreative, sjå berre rundt i stovene på alle dei flotte tretinga dei har laga og den rosemåla bilen i tunet, det er heilt fantastisk, smiler ho.
— Eg kunne godt tenkje meg å halde eit liknande kurs her til våren, legg ho til.

Tresetes utedo
Det er fyrste gong at det vert halde kurs i gamlehuset på Eikemo. Men stova som dei nyttar er den gamle skulestova, så undervisning har det vore mykje av før i tida. Dei har vore flinke å ta vare på møblar med ulik ealdrar og alle har kvar sin sjarm. Oppe er det soveplass til fjorten personar fordelte på to rom. Ein kan leige huset til familietreff eller liknande om ein ynskjer seg vekk frå kvardagen og inn i fjellheimen. Dei fastbuande vonar på stor oppslutnad med mange arrangement, som igjen kan føre til utbygging av mobilnettet, for bruk av mobiltelefonar er ikkje mogleg på Eikemo. Planen var at det skulle vera dusj og toalett i huset før kurset, men på grunn av naturkatastrofen var ikkje dette mogleg, vegen var ikkje køyrbar. Kursdeltakarane vart frakta som eit sauelass i ein traktortilhengar til og frå sjøen og dei måtte ta til takke med utedoen. Men den grønskura utedoen hadde sin sjarm med sine tre sete og ukebladstabelen bak døra. Gustavsen vart ved eit uhell stengt inne på doen, men vart redda av ein som høyrde ropa hennar, og ho tok slett ikkje skrekken for utedo av den grunn.

Vernissage
På spørsmål om kva dei hadde lært i løpet av helga, kom svara i vill fart frå alle kantar. Men i ei oppsummering kan ein vel seie at dei lærte mange nye måleteknikkar. Ny bruk av pensel var viktig og det å bruke store rørsler når ein måla. Målinga som vart nytta, tørka på eit blunk og så var det berre å måle over. Passar bra for utålmodige folk, var det fleire som meinte.
Latter er ikkje noko ein treng lære, den ligg i alle, men nokon gløymer å bruke den. Det som var nytt for den trivelige gjengen på kurset, var at dei no måtte le på kommando. Dei var ute på graset og prøvde seg på mange ulike typar latter som: apelatter, løvelatter og «har vunne i Lotto-latter». Det vart så mykje leven at naboen var på veg bort for å sjå om noko var gale.
Maten som vart servert fekk mykje skryt, kokka, som sjølv er fødd i gamlestova på garden, diska opp med god norsk mat som aure, betasuppe og ostekake. Fleire meinte at maten var betre enn på eit femstjernes hotell.
Kurset enda med vernissage på søndagen. Då var venner og familie inviterte for å sjå på kunsten og dei som ville kunne sikre seg eit av kunstverka. Det vart skåla i fruktchampagne og juice, og før dei gav seg for dagen gav dei ein liten demonstrasjon i kva latteryoga er, til stor begeistring for dei minste gjestene. Så takka alle for seg og mens ein del klatra opp på hengaren klare for turen ned, tok resten fatt på den naturskjønne vegen til fots. Dei var alle i strålande humør og kunne godt tenkje seg ei ny slik helg til våren.