Politiet hadde i går kveld ein kontroll av bilar på Rv 514 mellom Ølen og Sandeid der lys og dekk var i søkjelyset. Fleire bilistar fekk ei åtvaring for bruk av ekstralys i kombinasjon med nærlys.
— Dette er til sjenanse for møtande bilistar som blir blenda. Slike ekstralys skal ikkje vere på saman med nærlys. Denne gongen vart det åtvaring, men vi kan gi 2.000 kroner i bot. Det er ein uting som har breidd om seg, seier lensmann Ingvar Gjærde.
Kontrollen var mellom klokka 18.00 og 20.00.
Laushund og billys
Politiet hadde i går kveld ein kontroll av bilar på Rv 514 mellom Ølen og […]