Lauvås utan motkandidat

Striden om kven som skal vere Etne Høgre sin ordførarkandidat hadde stilna då rundt 30 […]

Striden om kven som skal vere Etne Høgre sin ordførarkandidat hadde stilna då rundt 30 medlemmer møtte til nominasjonsmøte på Fugl Fønix Hotel fredag kveld, endå det var dei på møtet som ville høyre nominasjonsnemnda sitt syn på prosessen. Ein av desse var Jan Vinje som meinte det hadde vore feil å halde lista hemmeleg heilt til nominasjonsmøtet. Dette tilbakeviste leiar i nominasjonskomiteen Tora Lilledal, som skulda pressa og blesten dei hadde skapt rundt nominasjonsprosessen på eit etter hennar meining alt for tidleg tidspunkt, for det som hadde skjedd. Men ho sa òg at dei som hadde hatt ønskje om å sjå lista tidlegare, hadde hatt fullt høve til det.
Trass denne forklåringa repliserte Vinje at det som hadde skjedd ikkje var i demokratiets ånd, og mildt sagt uheldig. Lars Lundal var samd i dette, men meinte det viktigaste nå er å skape ro, sjølv om han hadde vore med i motaksjonen for å få sitjande ordførar på banen igjen. Nils Ramsvik meinte det same, og sa at nå må største oppgåva framover vere å få flest mogleg til å røyste på partiet til hausten.

Ikkje full stilling
Før ein gjekk til avstemming over framlegget frå nominasjonsnemnda, ville Therese Lundal Hustveit høyre Roe Lauvås sitt syn på å vere ordførar i 100 prosent stilling. På dette spørsmålet var svaret klårt og greitt frå ordførarkandidaten,
— Eg meiner det er bortkasta å ha ein ordførar i 100 prosent stilling. Det er rett og slett å kaste bort pengar, sa han.
Til dette svarte Jan Vinje at svaret lova rett og slett ikkje godt, han meinte at ordførarstillinga nærare fyllar meir enn ei full stilling, heller enn ei halv.
I ein kommentar til Grannar etter møtet, og etter at han var kumulert som ordførarkandidat, sa Roe Lauvås at dette ikkje er noko problem, for det er kommunestyret som bestemmer kven som skal vere ordførar og likeeins kor stor stilling vedkomande skal ha.

Vallista ser slik ut:
1. Roe Lauvås, Silde 2. Therese Lundal Hustveit, Markhus 3. Ole Funderud, Skånevik 4. Steinar Hardeland, Tesdal 5. Roar Gundegjerde, Enge 6. Liv Astrid Hesjedal, Skånevik 7. Knut Grindheim, Madsgård 8. Anders Hovda, Børkjenes 9. Reidun Holmefjord Børve, Gjerde 10. Ivan Kaldheim, Kaldheim 11. Ole Martin Grindheim, Etnesjøen 12. Nils Halleland, Øvernes 13. Torleif Vestre, Gjerde 14. Anne Britt Grindheim, Madsgård 15. Torbjørn Åsheim, Skånevik 16. Ingunn Stølås, Enge 17. Lars Olav Bergsvåg, Sørstranda 18. Johannes Kringlebotten, Østrem 19. Ingbert Markhus, Markhus 20. Trude Enge, Enge 21. Bjørn M. Karlsen, Etnesjøen 22. Inge Kaldheim, Kaldheim.