Legg ned butikken i Ølmedal

Det blei vald nytt handelslagsstyre i Imsland for snautt to veker sidan, og førre veke […]

Det blei vald nytt handelslagsstyre i Imsland for snautt to veker sidan, og førre veke hadde styret sitt første møte. Der avgjorde dei å stå på vedtaket som blei gjort av det førre styret i romjula, om å leggje ned butikken i Ølmedal. Det betyr at drifta i Kvaløy held fram. Det førre styret ville eigentleg stengje dørene i Ølmedal frå 1. februar, men dette blei utsett då det skulle haldast ekstraordinært årsmøte. Eit nytt styre har no sett 1. mars som nedleggingsdato, og allereie i morgon er altså butikken i Ølmedal historie.
— Me har hengd opp informasjon på butikkane, og me kjem til å sende ut meir informasjon til medlemmene etter kvart, seier Hans Ilstad jr., nestleiar i styret.

Driftsmidlar aukar
I følgje nestleiaren kan det bli aktuelt å køyre ut varer til folk, og å ordne med transport til butikken i Kvaløy. Dette er ikkje endeleg bestemt ennå. Vedtaket om å legge ned i Ølmedal er samrøystes, og økonomi ligg til grunn.
— Me har vurdert ut frå omsetnad, og me har også medhald frå NKL i at det er betre grunnlag å drive på i Kvaløy, seier Ilstad.
Nestleiaren har ikkje tala for fjorårsomsetnaden føre seg, men i følgje han går omsetnaden på daglegvarer mest ned. Salet av driftsmidlar til landbruket og jernvarer i Kvaløy har derimot auka.
— Me har overtatt marknader frå Ropeid-halvøya og Vikedal når det
gjeld sal av driftsmidlar, seier Ilstad.

Turistar gode kundar
— Det er mange av hyttefolka som er medlemmer og handlar for meir enn dei fastbuande. Det har ingenting for seg å henge ut turistar. Me treng alle dei kundegruppene me kan få. Turisme er trass alt den næringa som aukar mest i bygda, framhevar Ilstad, som ein kommentar til Klaus Mo sitt utspel i førre Grannar.
Mo skulda Kvaløy-folk for å drive dårleg spel ved å alliere seg med hyttefolk. Han klandra også Kvaløy-forkjemparane for at dei hadde gjort alt i førekant av årsmøtet der det skulle veljast nytt styre.
— Ølmedal-folket hadde kunna fått fleirtal hadde dei stilt med kandidatar. Ingenting var avgjort på førehand. Det er veldig trist for ei så lita bygd at det har blitt så mykje strid kring dette. Det har sikkert blitt gjort feil på begge sider, men no må me leggje dette bak oss, oppmodar Ilstad.
Han er sjølv frå Ølmedal, men stemmer likevel for å halde liv i butikken i Kvaløy.

Styraren gjer seg
— Ligg ikkje butikken i Ølmedal meir sentralt til enn butikken i Kvaløy?
— Kvaløy har ikkje noka ideell plassering, det er rett. Men det viser seg at det er lite av gjennomgangstrafikken som stoppar og handlar i Ølmedal. Anlegget med lager og bensin i Kvaløy er dessutan viktig for drifta, og det hadde kosta mykje å bygge dette opp i Ølmedal. Kvaløy har også store moglegheiter om sommaren, svarer nestleiaren i styret.
Ein av dei fire butikkassistentane som no er tilsette i handelslaget i Imsland, kjem til å bli sagt opp. Handelslagsstyrar Einar Solheim har i tillegg sagt opp stillinga si frå 1. mai, og Ilstad opplyser at dei kjem til å søkje etter ny styrar ganske snart. Solheim har styrt handelslaget dei siste 20 åra.
— Det viktigaste no må vere at me har ein butikk i bygda. Det er ingen vinnarar i denne striden. Same kor butikken hadde blitt nedlagt, ville nokon meint det var trist. Det må ikkje gå prestisje i kvar det skal vere butikk. Me må sjå på kvar det er mest økonomi i drifta, sluttar Ilstad, som håpar folk vil samle seg om den butikken som blir att i Imslands-bygda.