— Det ligg ingen dramatikk bak denne avgjerda. Dette er noko me har vurdert over tid, og me har kome fram til at det er meir lønnsamt for oss å ei samla drift på Avaldsnes, seier Halvor Hansen, dagleg leiar ved Karmsund ABR –senter.
Tungvint
Grunnane til at drifta i Vikedal no blir avvikla er i fylgje Hansen mange.
— Logistikk er ein ting, det er tungvindt med kjøring, henting og bringing, til ein såpass avsidesliggjande plass som Vikedal. Me har ei dyr husleige i Vikedal, og har ikkje nok klientar til å fylle eit såpass stort anlegg. Dessutan har det vore veldig vanskeleg å skaffa fagfolk til staden, det er få som orkar å pendla så langt. Dette er ei totalvurdering, det har ingenting med verken naboar eller andre ting å gjera, seier Halvor Hansen.
Arbeidsplassar
Tre personar i frå distriktet har Vikedal ABR –senter som arbeidsplass. Ein person i frå Ølen, ein person i frå Sand og ein i frå Vikedal. Alle desse tre har fått tilbod om å bli med på flyttelasset til Avaldsnes.
— Dei har fått tilbodet, men eg tvilar på at dei blir med. Dei andre som har jobba ved ABR –senteret har pendla i frå Karmøy/ Haugesunds-området, og gler seg no over kortare arbeidsveg, seier han.
Alle klientane i Vikedal skal overførast til Avaldsnes.
Legg ned drifta i Vikedal
— Det ligg ingen dramatikk bak denne avgjerda. Dette er noko me har vurdert over […]