Leilegheitssatsing i sjøkanten

– Me har selt 40 leilegheiter i Sæbøvika i Etne, så då bør me få […]

– Me har selt 40 leilegheiter i Sæbøvika i Etne, så då bør me få til liknande tal i Ølen. Det er i alle fall tommelfingerregelen, seier Per Berge i Berge Sag AS.
Berge Sag har inngått avtale med grunneigarane Jostein Hundseid og Kristian Hansen om utvikling, sal og bygging av leilegheitskomplekset.
– Dersom me får eit positivt vedtak i Vindafjord kommune i byrjinga av februar 2007, håpar me på å kunna starta sal av leilegheitene i «Sardinfabrikken-Ølen brygge» rundt påsketider. Prosessen er ikkje komen like langt i det tilsvarande prosjektet i «Gamla Møllo», så der håpar me å vera klare for salsrunde sommaren same året, seier Per Berge.

Moderne og eksklusivt
Det er ikkje noko rusk som skal opp på sjøkanten i Ølensvåg. Leilegheitskomplekset er eit svært moderne bygg i glas og stål, med innebygd heis, parkeringshus, flytebrygger og båtplass. Prisklassen er difor litt høgare enn ein gjennomsnittsleilegheit i indre delar av Haugalandet.
Det er sivilarkitekt Arne Tveit ved arkitektkontoret Brekke, Helgeland og Brekke, som er engasjert som arkitekt.
– Dei minste leilegheitene kjem til å kosta litt under to millionar kroner, medan dei største vil kosta i overkant av tre millionar kroner, seier Per Berge.
Komplekset skal innehalda tre typar leilegheiter. Det vil seia 70 kvadratmeter med to soverom, 85 kvadratmeter med tre soverom og 110 -120 kvadratmeter med tre-fire soverom.
– Det kjem til å vera flest av dei minste leilegheitene. I andre marknadar merkar me at leilegheiter på 85 kvadratmeter og tre soverom som den mest ettertrakta typen leilegheit, seier Per Berge.

Frigjer einebustadar
– Både i Ølen og i Ølensvåg er det primært aldersgruppa frå 45 år og oppover som er tenkt kjøpargruppe. Mange i den aldersgruppa er lei det evige vedlikehaldet som føl med det å ha eige hus. Me synes det hadde vore svært positivt om også ungdom hadde vist interesse for leilegheitene. Faktisk så har me allereie merka det på «Gamla Møllo», seier han.
Kravet for at bygginga vert sett i gong, er at dei får selt 60 prosent på førehand, det vil seia 20 leilegheiter.
– Eg trur ikkje det blir noko problem. Eg har allereie snakka med ein del folk her i området som er interesserte, seier han.
Ein positiv ringverknad er at mange einebustadar blir frigjort når den godt vaksne generasjonen flyttar på seg.
– Dersom det går som eg trur, kjem det til å bli mange ledige einebustadar i Ølen og Ølensvåg til ungdom som skal etablera seg i åra som kjem. Truleg vil dei hamne i prisklassen 1,2 -1,8 millionar. Det er svært positivt for unge som vil etablera seg med born, seier Per Berge.
– Kjem du til å flytta ned i leilegheitskomplekset?
– Å ja, det har eg tenkt. Eg bur like ovanfor der som bygget skal opp, og kjem til å kjøpa meg ein leilegheit. Kona mi er veldig glad i hagearbeid, så det spørs om eg får ho med meg med ein gong. Men det går jo an å leiga den ut så lenge, seier han.