Då fekk eg snakka med folk av alle slag,
tida den gjekk så fort kvar einaste dag.
Eg fekk leggja stein på stein og fekk alltid noko nytt å laga,
så ingen dag var noko plaga.
Me var to som arbeidde i lag,
me hadde lært det same fag.
Me murte husmurar, piper og peisar,
og la hedler og fliser av adle slag.
Me forskalte og støypte alt i betong,
me hadde godt humør, plystra og song.
Den tid er forbi og kjem ikkje att,
Murskei og hammar tilside er satt.
Det er andre som i vår jobb har tatt fatt,
verkjande føter og hender er alt me har att.
Til alle dei eg har arbeidt hjå,
ei vennleg helsing eg sender nå.
Ingvald Åsheim