Det opplyser administrasjonssjef Modolf Haraldseid ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Dei tre søkjarane har vore inne til intervju, men tilsetjinga blir utsett inntil vidare.
I følgje Haraldseid er det behov for å vurdere stillinga som lensmann i Etne i lys av heile organiseringa av området i aust i politidistriktet.
Vurdere Etne-lensmann
Eitt mogleg alternativ er at lensmannen i Etne forsvinn for å overføre stillinga til vanleg polititeneste. Det er også sannsynleg at Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord blir eitt vaktdistrikt.
— Kva konsekvensen av ei slik vurdering blir, kan eg ikkje seie. Vi må tenkje oss godt om. Til dømes om vi skal tilsetje lensmann fast eller mellombels i Etne. Og om vi skal stille andre krav til stillinga og lyse den ut på nytt, seier administrasjonssjef Haraldseid.
Med andre ord med krav om at ein lensmann i Etne også skal vere fotsoldat. Han vil heller ikkje utelukke at resultatet blir færre lensmenn i det indre distriktet. I så fall er Etne lageleg til for hogg.
Vekk frå heimevakt
Alle dei fire kommunane har eigen lensmann i dag, men vakt- og driftssamarbeidet går på tvers av kommunegrensene. Utanom kontortid og i store delar av helgene, har politiet bakvakt der operasjonssentralen i Haugesund kan kalle ut tenestemenn. Dei fire kommunane er det einaste området i politidistriktet der er denne typen heimevakt. Dei andre kommunane blir dekt av operativ vakt med tenestemenn på jobb.
— Eg trur ikkje vi kan halde fram med denne typen reservevakt særleg lenger. Det er ei stor utfordring å ha ei ordning med heimevakt. Blir ein tenestemann kalla ut, har han rett på fri etterpå og vi må få inn ein ny med reservevakt. Ei slik ordning er ikkje etter tidas krav, og ein må stille spørsmål om det er rett måte å bruke ressursane, seier Haraldseid.
Men eitt av problema til politidistriktet er at det uansett ikkje er nok tenestemenn i dette distriktet til å fylle døgnvakt for heile veka. I så fall må Haugesund bli ein del av vaktkabalen.
Stort vaktdistrikt
For å få bemanna ei ordinær vaktordning, krev det eit visst antal tenestemenn for å få kabalen til å gå opp. Det er også årsaka til at ei felles vakt for Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord blir vurdert.
— Blir ikkje det eit veldig stort vaktdistrikt med store avstandar?
— Det blir det. Vi må sjå utrykkingsfrekvens og responstid, og vurdere situasjonen ut frå det. Noko meir kan eg ikkje seie om det i dag, seier administrasjonssjef Haraldseid.
Dersom politidistriktet går for eit alternativ der Etne mistar lensmann, blir det eit sak som må gå via Politidirektoratet til Justisdepartementet og truleg også til endeleg avgjerd i statsråd.
Les meir i papiravisa.