Lensmannshuset i gammal prakt

Målet var å restaurere «Lensmannshuset» i Skjold tilbake til den opphavlege stilen, og det kan […]

Målet var å restaurere «Lensmannshuset» i Skjold tilbake til den opphavlege stilen, og det kan Frøyland no nøgd slå fast at han har gjort – iallfall så godt som det let seg gjere. Det einaste som skil seg ut i moderne stil, er kjøkenet. Romma er innreidde med antikvariske møblar og utstyr som han har samla på auksjonar og andre stader. — Det er dette som er det kjekkaste for meg – å sjå eit ferdig restaurert hus. Det er det som er drivkrafta. Det er noko spesielt med gamle hus. No kan det stå i 100, eller kanskje 200 år til, slår huseigaren nøgd fast. Han har eigd huset dei siste fem åra, etter at han kjøpte det frå Vindafjord kommune. Huset har tidlegare vore i slekta hans, og både oldefaren og morfaren hadde lensmannskontor i huset, som fyller 100 i år. Den siste i slekta som hadde det var onkelen til Frøyland, Otto Dybdahl. Han brukte det til sommarhus og utleige, men selde huset til Statens vegvesen då dei skulle bygge veg like ved.

Omtrent som før
Huset stod skikkeleg til nedfalls då Magnar Frøyland overtok det frå kommunen. Vindauga var knuste og taket lak. — Huset står no omtrent som det var før, slår restaureraren fast. Han har fjerna plater frå vegger og golv for å få fram det gamle tømmeret, og han har pussa og eikeordra dei gamle dørene. På loftet er det heile sju soverom, og i kjellaren held han på å innreie pub. Utanfor har han fått hjelp av ein arkitekt til å forme eit staseleg uteområde med store mengder naturstein. — No skal eg gjere ferdig i kjellaren og møblere opp alt. Det kjem til å stå heilt ferdig som selskapslokale til våren, seier han. Ein stor parkeringsplass er i ferd med å gjerast ferdig utanfor. Private høgtider er allereie feira i «Lensmannshuset». — Alt som skal restaurerast tar tre gonger så lang tid som planlagt, og det blir dobbelt så dyrt som det ein har budsjettert, seier den etter kvart så erfarne restauratøren. Dette visste han om og tok høgde for då han gjekk i gang med «Lensmannshuset».

Vil leige ut
Førebels har Frøyland såpass mange jern i elden at han ikkje maktar å drive «Lensmannshuset» sjølv. Han ønskjer å få inn nokon andre til å halde liv og drift i det. Selskapslokale, pub og overnatting – moglegheitene er mange på den sørvendte eigedommen som ligg like ved E134 i Skjold sentrum. Snart startar Frøyland også bygging av hytter og leilegheiter på den 25 mål store tomta kring, som han også kjøpte frå kommunen for nokre år sidan. — Det er berre økonomien som avgjer kor lang tid prosjekta tar, kommenterer nordsjøarbeidaren, som førebels har restaureringa og byggeprosjekta mest som ein hobby. Men målet er at det skal kaste av seg ein gong. — Eg har ikkje kapasitet til å drive det no, men eg vil gjere det på sikt. Det ønskjelege no er at nokon leiger huset og driv det som selskapslokale og eventuelt har pub i kjellaren, i tillegg til at dei driftar hyttene når dei kjem opp. Eg trur det ville vere perfekt for til dømes eit yngre sambuarpar med kompetanse i denne retninga. Det er nok store moglegheiter her for dei rette folka, freistar Frøyland.

Frøyland har samla gamle
møblar. Her i spisestova.

 

Dei gamle originale tak-
vindauga tok han ned og pussa
 for å få dei som dei var.
 

Ein stor utepeis til sommar-
grillen er mura opp utanfor.

 

Sveivegrammofonen er kjøpt
på auksjon.