Lettare skadd etter frontkollisjon

Ein 23 år gammal bilførar frå Etne mista kontrollen over bilen og frontkolliderte med ein […]

Ein 23 år gammal bilførar frå Etne mista kontrollen over bilen og frontkolliderte med ein møtande bil om lag midt mellom Ølensjøen og avkøyringa til Olalia på E134.
Det vart rekvirert luftambulanse og 23-åringen vart frakta til Haukeland universitetssykehus. Han vart skriven ut frå sjukehuset i går. Den 59 år gamle bilføraren som kom frå Ølen fekk lettare skadar i ein fot.
Ulukka vart meldt til AMK rett etter klokka 20.30 tysdag kveld.

Tatt blodprøve
— Ser ein på skadane på bilane, så er det eit hell for bilførarane at ikkje konsekvensane vart større, opplyser politibetjent Pål Gjil ved Ølen lensmannskontor.
Han seier det er liten tvil om årsaka til ulukka sidan 23-åringen kom over i feil køyrebane. Den møtande bilen la seg nesten ut i grøfta, men kollisjonen var ikkje til å unngå.
Bilen til 23-åringen har vore utforbi vegkanten med minst eitt hjul, og eit bremsespor er minst 40 meter før bilen kom over i feil køyrebane ved ulukkespunktet.
Både vitne og den andre bilføraren har forklart at bilen vingla før ulukka skjedde. Det tyder også spor i vegbana på.
— Det er ikkje unaturleg å tenkje at det har vore stor fart, men det spørsmålet blir klart i den vidare etterforskinga, seier Gjil.
I den vidare etterforskinga blir det oppmålingar med tanke på fart, og begge bilførarane og vitne til ulukka, skal inn til forhøyr.
Det er tatt utvida blodprøve av den 23 år gamle bilføraren med mistanke om at han har køyrt i påverka tilstand.