Levande engasjert i nynorsken

— Ho har vore med i mållaget sidan ho kom til Skjold, og ho har […]

— Ho har vore med i mållaget sidan ho kom til Skjold, og ho har vore både formann, kasserar og styremedlem. Ho har også reist på landsmøte og fylkesårsmøte. Ho har vore trufast, møtt opp og stått på, skryt Knut Østrem i Skjold og Vats Mållag.
Målprisen kom som ei stor overrasking på Klara Tangen Tveit då ho fekk vete om prisen nokre dagar før utdelinga i Skjold kyrkje førre onsdag. Ho tok smilande imot blomar og ei rosemåla tine, laga på Samsons gard og måla av Magny Kolltveit. «Takk for godt arbeid», stod det på tina, som var signert Skjold og Vats Mållag.
Sjela i språket
Klara Tangen Tveit fortel at ho budde i Sauda før ho kom til Skjold på slutten av 60-talet, men ho er opphavleg lengre nordfrå i Hordaland.
— Eg bytte frå bokmål til nynorsk då eg gjekk i femte klasse, og sidan har eg vore del av nynorskfolket. Eg synst det er eit klangfullt og flott språk, seier ho.
Mållaget i Skjold og Vats har lenge hatt tradisjon for å arrangere bok- og kulturkveldar, og Tveit har gått i bresjen for gjennomføringa av fleire av desse. Ho ramsar opp kjende nynorskskrivande forfattarnamn som har kome. I den seinare tid har mållaget slått seg saman med sogelaget om desse arrangementa.
Tveit opplever at nynorsken blir truga frå mange kantar i dag, men ho registrerer også at den blir trekt fram ved mange høve.
— Dei som snakkar nynorsk i media er flinke, men det kunne vore fleire av dei. Eg trur ikkje kvoten er fylt opp, kommenterer ho.
Ho fortvilar over haldninga til nynorsk i skulen, og gjennom sine eigne søner har ho opplevd kor vanskeleg det er å få tak i skulebøker på det rette målet.
— Det er mange som går over til bokmål når dei går vidare på skule. Eg trur det heng saman med at det er vanskeleg å få tak i bøker, meiner ho. Ho er ikkje i tvil om at nynorsk er det skriftspråket som passar best for folk som bur på bygda i Noreg.
— For oss ute på bygdene er det sjela i språket vårt. Det er så naturleg for oss, slår ho fast.
Knut Østrem seier at dialekten i Skjold og Vats også ligg nærast opp til det nynorske skriftspråket.
Prisutdelinga førre veke blei markert vidare med kaffi, rundstykke og mjølkelappar i kyrkjelokala.