Levande interesserte

Gjennomsnittsalderen var høg på forteljebussturen fredag, men dei tre 11-åringane blei likevel med. — Me […]

Gjennomsnittsalderen var høg på forteljebussturen fredag, men dei tre 11-åringane blei likevel med.
— Me synest det er spennande. Me lærer masse me ikkje veit frå før, seier Stina Golf Robberstad om kvifor dei er med på forteljebussturen.
Ho var saman med veninnene Amalie Kaldheim og Margit Flatebø.
— Det høyrest kjekt ut og høyra på segner, seier dei tre jentene frå Etne.
Forteljebussturen var eit innslag i Forteljefestivalen, og reiseleiar Einride Aakra losa busspassasjerane gjennom bygda. Han baud på mykje informasjon om slekter, stadnamn og historie.
Lærer om bygda
Knut Østrem (74) frå Skjold nytta høvet til å gjera seg betre kjent i Etne.
— Eg er interessert i slikt, og det er fint og komma seg rundt og sjå i bygdene, seier Østrem.
Han tykte også det var gledeleg å sjå at nokre unge deltok på turen.
— Det er positivt, seier han.
Ingvor Gundegjerde og Jorunn Grindheim fortalde segner i Litledalen, Grindheim kyrkje, på Frette og i Stødle kyrkje. Blant anna blei soga «Ormen i Litledalsvatnet, «Ringen i kyrkjedøra» og «Hemming Hellaug» serverte, og dei to forteljarane fortalde på levande vis.
— Det å oppsøka områda segnene kjem frå, er spennande, seier Jorunn Grindheim.
— Det er kjekt å sjå at både lokale og folk utanfrå – sikkert med tilknyting til Etne – var med på turen, seier Grindheim.
Draumar
Det har gått slag i slag heile helga med Forteljefestivalen. Torsdag kveld presenterte Johanne Øvstebø Tvedten tingingsverket sitt «Stein på stein» med handling frå 1100-talet. Tida då Etne stod sentralt i Noreg si soge, med den mektige lendmannen Erling Skakke frå Studla og sonen kong Magnus Erlingsson i hovudrollene.
Tvedten fortalde om tida med erkebiskop Øystein, om draumane hans om eit samfunn utan borgarkrig og kongsstrid. Erkebiskop Øystein møtte Magnus Erlingsson då guten var fem–seks år, og fekk godhug for han. Erkebiskopen såg alvoret i det å vere etla til å bli landets konge i så ung alder, men han håpa òg å få oppfylt nokre av draumane sine gjennom kroninga av kong Magnus Erlingsson. Noko han ikkje lukkast med.
— Tilfredsstillande
Forteljefestivalen blei avslutta i går med «Løesoger som ikkje eignar seg på trykk». Kultursjef Nils Halleland i Etne er totalt sett nøgd med helga.
— Oppmøtet har vore tilfredsstillande og til dels svært bra, men nokre stader kunne me ønskt oss meir folk, til dømes på tingingsverket. Innhaldsmessig synest eg festivalen har hatt eit veldig godt spekter og blandinga av profesjonelle og lokale aktørar viser seg å vera vellykka, seier Halleland.