Levande lokalhistorie

Det var i 1981 sansen for lokalhistorie vakna for alvor, fortel han. — Eg tok […]

Det var i 1981 sansen for lokalhistorie vakna for alvor, fortel han.
— Eg tok grunn- og mellomfag i historie, og var ferdig med det i 1981. Året etter gav Etne mållag ut juleheftet «Jul i Etne» og eg kom med i det arbeidet, også i 1982 og 1983.
Etne sogelag vart skipa i 1983, og Magnus Saltnes vart vald til leiar, noko han var dei neste ti åra. Det viktigaste arbeidet vart å gi ut ei årbok, og den første kom ut i 1984. Etter det har sogelaget gitt ut årbok kvart år.
Han fortel at han syntest det var viktig at flest mogleg skreiv i årboka, og difor vart det til at han oppmoda dei han trefte, som hadde noko interessant å fortelje, om å skrive det ned. På den måten vart mykje verdfullt lokalstoff samla i bokform.
— For det som er skrive og trykt er bevart, understrekar han.
Han nektar ikkje for at innsamling av stoff har vore noko som har oppteke tankane hans frå den første tida, og gjer det framleis. Likevel seier han bestemt at nå må andre ta ansvaret for utgjevinga av årboka.
Sogebøkene
Magnus Saltnes slutta i skuleverket og vart pensjonist i 1993, og han fekk såleis frigjort tid til å arbeide med interessefeltet sitt. Men han understrekar at det aldri har vore noko problem å fylle produkta med stoff.
— Stoff til sogeskrifta vart samla fram til hausten, og då hadde eg ansvar for å få bøkene trykte, og leikeins å få dei inn i salsapparatet. Det var ein viktig del av arbeidet å få inn pengar, slik at ein hadde noko å jobbe vidare for i sogelaget, seier han.
Når det gjeld sogebøkene, er det nokre årstal som peikar seg ut, som ekstra interessante.
— Ja, bøkene som kom ut i tilknyting til jubileum for både 1940 og 1945, pluss skulen sitt 250-årsjubileum i 1989 og 150-årsjubileet for kommunane i 1987, er slike år.
Bygdeboknemnda
Men det er ikkje berre sogeskrifta Magnus Saltnes har hatt ansvaret for. Han kom inn i bygdeboknemnda i 1984, og fekk snart også ansvaret for arbeidet her.
Når han blar i gamle protokollar på kontoret, som han snart skal forlate i Tinghuset, viser han at ein etnebu, Johne Skjensvoll, som var overlærar i Bergen, alt i 1920-åra hadde begynt å samle stoff til bygdebøkene. Trygve Vinje var formann i bygdeboknemnda frå ho vart oppretta i 1935 til 1980.
Det hadde kome ut bygdebok i 1967 og 1972, arbeidet med dei tre bøkene som kom ut i 1995, starta opp for fullt kring 1990, men heile tida hadde det vore samla stoff, fortel Saltnes.
— Då vi begynte med stoffet til dei siste bøkene, kunne det gjerast på fleire måtar, men vi valde å gi ut ei slektsbok om folket heilt tilbake til 1700-talet og fram til 1990.
Ståle Dyrvik hadde ansvaret for teksten, men alt av biletstoff og det praktiske kvilte i stor grad på Magnus Saltnes og dei andre i bygdeboknemnda.
Det skal kome fleire bygdebøker, to bøker om næringslivet og ei eller to bøker om kulturen.
— Førebels blir det samla inn stoff. Ståle Dyrvik har hatt det så travelt ved universitetet at han ikkje har hatt tid til å gripe fatt i dette arbeidet endå, fortel Saltnes.
Attersyn
Det var Magnus Saltnes som gjorde opptakten til Kulturhistorisk vegvisar for Etne. Denne boka er gitt ut saman med Hordaland fylke og Kulturlandskapssenteret, og er ein vegvisar som tek lesaren med ut i landskapet og inn i historia på ein særs verdfull måte.
— Lokalkunnskapen kom godt med her. Fylket kjenner korkje grender eller folk, seier Saltnes, som sat i redaksjonsnemnda.
Frå 2001 til 2003 var Magnus Saltnes prosjektsekretær for Tusenårsprosjektet på Stødle. Dette var også eit samarbeid mellom Kulturlandskapssenteret og Etne sogelag.
Magnus Saltnes legg ikkje skjul på at han er skuffa over den responsen dette arbeidet er blitt møtt med.
— Men eg håper verkeleg det vil bli ein realitet med eit bygg på Stødle. I alle fall har kommunen vedtatt at det skal byggjast eit toalett der. Det må vel bli ein utedo, for noko hus å setje det inn i finst jo ikkje. Men eg har sagt at eg håper det iallfall må bli ein tosetar, seier han med eit smil.
— Draumen må vere at det skal la seg gjere å reise eit forteljarsenter på Stødle, slik som rapporten munnar ut i.
«Attersyn» heiter fotoboka som vart gitt ut til jul i 2005. Nok ein gong har Magnus Saltnes stått i brodden for eit storverk. Etter at bygdeboknemnda i fleire år hadde sysla med tanken om å lage ei fotobok, vart «Attersyn» ein realitet. I boka kan ein sjå fotografi frå 1860 og fram til krigstida. Boka er verkeleg blitt det attersyn ho var tenkt, og er blitt ein publikumsvinnar blant alle som har fått boka i hende.