Leve Etnemarknaden

Grannar Likte ikkje Grannar-utgåva som kom på opningsdagen av marknaden. Useriøst og dårleg timing – det er […]

Publisert Sist oppdatert

Grannar
Likte ikkje Grannar-utgåva som kom på opningsdagen av marknaden. Useriøst og dårleg timing – det er ikkje slik lokalavis vi vil ha. Kritisk lys på det som rører seg – ja, men det må ligga ein viss positivitet i botn. Satsar på at det var ein glipp i ei travel ferietid. Kan kanskje kreditera avisa for at dei har fått i gong ein debatt rundt tema Etnemarknaden, og slik sett gjort ein god jobb i forhold til ei av hovudoppgåvene sine.

Etnemarknaden
Og det er nett debatt – og positivt engasjement – rundt Etnemarknaden eg saknar. No må vi slutta å surmula rundt i krødno» om kor kjedelig det er. Trur dei fleste ser den store verdien eit slikt arrangement har for ei bygd. Ein ting er kroner og øre for lag, foreiningar og handelsstanden. Men det er òg viktig for eit lokalsamfunn med slike dugnadsprosjekt – same om tema er blues, roots, kjøt eller marknad – det skaper identitet, trivsel og
fellesskap mellom bygdefolk.
Mykje har endra seg sidan marknaden starta i 1931. Landbruk, lokal kunst/hobby og forretningar med kjempetilbod er sterkt redusert eller vekke. Dette var hovudelement i starten.
I tillegg har konkurransen i bransjen» auka dramatisk. På bakgrunn av m.a. dette, er det ei stor utfordring å driva marknaden vidare.
Etter mitt vet er Etnemarknaden framleis eit godt arrangement. Men vi klarer ikkje overleva lenge visst negativiteten blant oss etnesbuar sjølve får bre seg. Mitt forslag er at marknadsnemnda set seg ned i lag med representantar frå eigarlaga og diskuterer situasjonen. Kanskje ein utgong på det, blir at ein gjeng på 5-6 engasjerte, kreative og positive personar blir handplukka og får i oppgåve å analysera Etnemarknaden frå a til å. Veit det er mange som har tankar, meiningar og idear – la det komma opp og fram i dei rette fora. Vi må jobba positivt i lag for at vi òg i framtida skal oppleva festdagar i Etne i starten av august!

Ståle Tungesvik

Powered by Labrador CMS