Den største glippen var vel 60 abonnentar i Åkrafjorden og Imsland som ikkje er med på distributøren DiVest si rute. Dei var ikkje informerte om at avisa ville kome med posten som før.
— Ikkje alle postkassene i distriktet er identifiserte av DiVest, men det vil ordne seg etter kvart. Derimot blir det ikkje morgonavis i postkassa i Åkrafjorden. Resten av Imsland får morgonavis om nokre veker. Dette burde abonnentane vore informerte om, seier dagleg leiar i Grannar, Liv-Kari Bødtker.
Åkrafjorden vil få tilbod om at avispakkar blir kasta av i busskur, men elles blir det postombering som før for dei som vil ha det i dette distriktet.
På tide
— Eg synst det er heilt greitt at Grannar blir morgonavis, var reaksjonen frå Irene Måge som fekk ei avis stukken i neven i Ølen torsdag morgon. Ho kom frå nattskift som vakt ved West Contractors.
— Vi har fått fleire tilbakemeldingar om at abonnentar synst det er kjekt å få avisa om morgonen. Avisa skal vere ute hos alle til klokka sju, og dermed har dei fleste den før frukost, seier ansvarleg redaktør Aslaug Olden Mala.
Ho legg vekt på at avisa blir meir fersk enn før sidan ho blir trykt i Odda ettermiddagen dagen før ho når abonnentane.
— I praksis har det gått nesten eitt døgn frå trykking til ho nådde lesarane. Det var det på tide å gjere noko med, seier Aslaug Olden Mala.
Leverte ferskare avis
Den største glippen var vel 60 abonnentar i Åkrafjorden og Imsland som ikkje er med […]