For det fyrste handlar ei felles lov om at alle skal ha dei same grunnleggande rettane. To separate lovverk for å regulere vaksne menneske sine samliv er diskriminering, sjølv om Grønstad seier det motsette.
Vidare hevdar Grønstad at barna sitt beste er at ekteskapslova ikkje blir endra. Fakta er at det lovverket vi har i dag behandlar born ulikt alt etter kva for familie dei kjem ifrå. Slik kan vi ikkje ha det.
Barneombudet er den offentlege instans i Noreg som har til oppgåve å fremje born sine interesser overfor det offentlege og private, og som skal følgje med i utviklinga av born sine oppvekstkår. Ombudet skal også følgje med i at norsk rett og forvaltningspraksis svarar til dei pliktene Noreg har etter FNs barnekonvensjon. Barneombudet støttar forslaget om ei felles ekteskapslov og dei foreslåtte endringane i ekteskapslova, bioteknologilova og barnelova. Ombudet meiner lovforslaget vil styrke born sine rettar.
Barn som veks opp i fosterheim skal ha mogelegheit til å bli adoptert av fosterforeldre som dei har budd hjå i mange år. Adopsjon må kunne gjennomførast sjølv om fosterforeldra er lesbiske eller homofile.
Born som mistar foreldra sine skal kunne bu hjå og bli adoptert av dei personane som står dei nærast etter at foreldra er borte. Slik adopsjon må kunne gjennomførast sjølv om borna sine næraste er ei lesbisk tante og hennar registrerte partner.
Born som blir fødde inn i eit etablert forhold skal automatisk vere sikra to juridiske foreldre frå fødselen. Det kan ikkje vere slik at born av heterofile som blir til ved hjelp av donorsæd automatisk får to juridiske foreldre, mens born av homofile som blir til på same vis, må setje sin lit til ein kronglete adopsjonsprosess før to juridiske foreldre er på plass.
Ekteskapet gjev for mange den tryggaste ramma om born sin oppvekst – alle born må få kunne ta del i den tryggleiken, også born av homofile og lesbiske. Kvifor vil Grønstad halde desse ungane utanfor?
Mange meiner at det ideelle for eit barn er å vekse opp med både ei mamma og ein pappa. Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH) respekterer at det er et viktig prinsipp for mange. Samtidig må det respekterast at folk tar andre valg for seg og sine. Myndigheitene er forplikta til å ivareta alle born i politikk- og lovutforming, også born som veks opp i meir utradisjonelle familiar.
Jon Reidar Øyan,
leiar i LLH