Lite glad for Finden

— Sant å seie trur eg ikkje Synnøve Finden kjem til Etne. Å byggje opp […]

— Sant å seie trur eg ikkje Synnøve Finden kjem til Etne. Å byggje opp eit meieri frå grunnen av er ikkje lønsamt. Når Synnøve Finden meiner det er dårleg butikk, har eg ikkje tru på at andre kan gjere det for dei, seier mjølkebonde Ingvar Hammersland i Etne.
Han er leiar for Tine sitt produsentlag i Etne, og han langt frå jublar over at både ordførar og næringslivsinteresser prøver å lokke Synnøve Finden til Etne.
Han er ikkje mot konkurranse frå andre aktørar når det gjeld mjølkeprodukt, men Synnøve Finden ser han på som eit trugsmål mot bøndene.
Rettssak om mjølk
— Bønder i Etne skal ikkje levere mjølk til Synnøve Finden dersom det blir osteproduksjon. Det er Tine som leverer mjølka, og Finden vil ha den billigast mogleg. Dei har til og med gått til rettssak mot staten for å få mjølka ei krone billigare per liter. Dette er meieripolitikk på høgt plan som ikkje tener oss mjølkeprodusentar, snarare tvert om, seier Hammersland.
Han meiner Synnøve Finden ikkje ønskjer å konkurrere på like vilkår ut frå dagens premissar, men prøver å plassere ein kile i marknadsordninga for mjølk.
— Avsløringane rundt Tine og ICA var ikkje bra verken for selskapet eller oss bønder. Men vi ser at høgrekreftene og andre aktørar brukar dette til å stikke kjeppar i hjula for landbruket og meierisamvirket, seier Hammersland.
Trugsmål
Difor vender han tommelen ned for at Synnøve Finden skal starte meieri i Etne, trass i at det vil bety arbeidsplassar i bygda.
— Det er 80 mjølkebruk i Etne som representerer mange arbeidsplassar. For oss er det like viktig å ta vare på dei som å få nye gjennom Finden. Eg ser Finden som eit trugsmål mot våre arbeidsplassar på sikt, seier mjølkebonden.
Han ser dilemmaet med at Finden kan få produsert osten sin andre stader, men han meiner landbruksbygder må setje foten ned.
Til sommaren skal Tine selje meieriet i Sand, men om det blir sleppt inn andre meieriprodusentar er uklart i dag.
Investorar tener pengar
Hammersland omfamnar heller ikkje Q-meieriet som har eigne leverandørar av mjølk.
— Dei gir 20 øre meir per liter samanlikna med Tine. Det som kan skje er at dei får ein så stor marknadsdel at Tine må redusere betalinga til bøndene. I så fall vil Q-meieriet også senke prisen for å hente ut meir gevinst til investorane sine. Det ligg i korta, seier Hammersland.
Q-meieriet kjempar også for å sleppe å betale inn til utjamningstilskotet som gjer det mogleg for Tine å hente mjølk i kvar krok her i landet. Det er ein del av marknadsordninga for å sikre at bønder får levert mjølka si sjølv om transporten blir dyrare enn i meir attraktive mjølkestrok.
Q-meieriet vil plassere seg i sentrale strok og ikkje vere med å betale for at det er dyrare å hente mjølk i mindre sentrale område, meiner Hammersland.
Vil endre spelereglar
Landbruksminister Lars Sponheim har tidlegare lansert at 20 prosent til andre aktørar enn Tine, er passeleg for å gi Tine konkurranse. Hammersland meiner at den store skilnaden på bondeeigde Tine og dei nye aktørane, er at dei vil endre spelereglane i norsk landbruk, og ikkje berre konkurrere om produkta.
Det var ei tung tid for Tine-bønder då det storma rundt Tine og mange forbrukarar vende dei ryggen.
— Eg forsvarer på ingen måte det som har skjedd. Men det kom fram ein del usanningar, og debatten avspora til å bli ein diskusjon om marknadsordninga for mjølk. Det viser at det var fleire motiv inne i bildet, seier Ingvar Hammersland.
Men inntil vidare tar han planane om eit nytt meieri i Etne med ei klype salt.