Lite monster på kroken

Han var på Dreganes og fiska saman dottera Malin slik han ofte er når han […]

Han var på Dreganes og fiska saman dottera Malin slik han ofte er når han er på besøk hos svigerforeldra i Litlehagen i Ølen. Men på denne turen vart fiskaren frå Kvinnherad ganske lang i maska.
— Eg trudde det var ein stor torsk på 10-15 kilo. Det stod bom fast i starten, slik det ofte er med torsk på sluken. Plutseleg såg eg to store auge som kom mot vasskorpa, fortel han.

Tiarma
— Det er ein tiarma blekksprut, men eg veit ikkje kva arten heiter. Eg visste ikkje heilt korleis eg skulle gripe fatt i den då eg fekk Malin til å halde stanga og eg gjekk ned til sjøkanten, fortel han.
Men han tok tak i den slik han gjer med laks, og sprang den tiarma blekkspruten på land. Litt ufyseleg synest han det var.
Det var ingen liten blekksprut heller. Sjølve kroppen er 70 centimeter og med armane strekkjer deg seg til 1,2 meter.
— Eg har ikkje hatt den på vekta, men eg vil tru den er tre-fire kilo, seier Bård Blom.
I går var han på jakt for å finne ut det eksakte namnet på blekkspruten, men akkar trur han ikkje det er. Av tiarma blekksprut er akkar den mest vanlege i Noreg, men denne fangsten til Blom var i største laget til å vere akkar.
Den andre arten er sepia, men den er ikkje så vanleg. Bård Blom har difor ikkje noko endeleg svar.
Men mat har han tenkt at blekkspruten skal bli. Han vil overlate den til ein kamerat på Husnes som driv ein serveringsstad.
— Eg har fått det meste på kroken opp gjennom åra, men aldri noko som dette, seier Blom.