Litt kvasipolitiske sleivspark

Kronikken er velskriven og opplysande, akkurat slik det skal vera, og ein takkar og bukkar. […]

Kronikken er velskriven og opplysande, akkurat slik det skal vera, og ein takkar og bukkar. Men tittelen er, diverre, litt misvisande. Sjølv om ein jo kunne håpa at den stemde slik den var skriven. For det er sikkert ikkje Kleiven si meining (reknar eg med) å påstå at eigedomsskatten i Vindafjord er bare for dei raudgrøne. Det hadde vore noko det! At Håvås og dei andre verkeleg fekk smaka sin eigen medisin!
Men det skal jo ikkje vara så lenge. Bare ut 2009. Seier Håvås. Og dei andre beit på. Dei tok ikkje berre agnet, men eg trur heile greia gjekk med – både snøre og snelle og stang!
Sjølvsagt er eigedomsskatt ein flott måte å få pengar inn i kommunekassen på. Nesten like bra som å stela frukta utav nevane på ungdomsskuleelevar! Her vert jo det heile liksom litt meir fordelt på dei fleste i kommunen slik at det verkar meir legitimt. For det er det jo. Heilt i tråd med politikken som vert førd på statsnivå for tida: Mindre til kvar enkelt og meir til fellesskapet. I alle høve i teorien. At det ikkje har fungert heilt slik dei siste åra, er det ikkje noko å gjera med. For dette er politikk! Raudgrøn politikk.
Berre sjå kor godt det fungerar! Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa står på trappa til Hogganvik Landsby med eit stort smil om munnen og eit raudgrønt glimt i auga og lovar. Lovar så det smell i bakkane og avissidene at no! No skal det skje noko! For ho skal lova å halda eit auge med søknaden til Husbanken!
Eg må sei eg har litt vondt av henne. Det var jo ikkje mykje til julepresang å komma med. Omtrent som om eg skulle sagt til ungane mine at: «Eg vil ikkje gje deg mat, men eg skal halda auge med at du veks!» Greie slike løfter. Dei seier ingen ting og kostar enno mindre. Og der sit ein stakkar tilbake og kan berre seia til seg sjølv at «No fyrst byrjar eg å forstå absolutt ingen ting!» Særskild godt skreve av Terje Kleiven i kronikken når han avsluttar med fylgjande passus: «Ingen av dagens kommunestyrerepresentantar frå Vindafjord Høgre har meld seg til teneste for å verta populære. Då ville me nok heller slått oss på underhaldningsbransjen.»
Det vert mykje god underhaldning av det som kjem (eller ikkje kjem) frå dei raudgrøne. Men populære? Jada. Får sjå om det held til valet.
Ha ein kjempefin dag!

Jahn H. Grønås
Ølensvåg