Kva gjer så våre naive styresmakter for å bu seg mot moglege åttak. Jo, eit av tiltaka er visstnok at Heimevernet kan påleggjast ekstra teneste ved terroranslag eller andre menneskeskapte åttak mot mål her i landet.
Ein av våre fremste på lovområdet fortalde nyleg i eit intervju at ein her i landet for all del ikkje måtte gripa for sterkt inn i «privatlivets fred» for å verja seg mot terror. Det vil seie at overvaking og avlytting og anna kontroll som er vederstyggeleg for mange – kunne føra til at me fekk ein politistat. Ja, tenk så gale då.
For å førebyggja terroråtak vil nok mange truleg føretrekkja å ofra noko av «privatlivets fred» mot det som verre er. Kampen mot terrorisme er nemleg som å sloss mot sin eigen skugge. Å verja seg mot slikt er nemleg ikkje mogleg. Og, «Hvor såre lidet der skal til» for å gjera uboteleg skade i eit land der utlendingar kan vandra inn og ut over grensa vår utan effektiv kontroll.
Kor ofte høyrer ein ikkje om kriminelle som kjem inn og forsvinn ut att etter utført lovbrot. Når ein så høyrer korleis politiet har takla bandekrigen i Oslo, så må ein undrast over kor langt det kan gå før landet sine ansvarlege vaknar. Nå piper kulene midt i folkehavet i Oslo, og dette er truleg berre byrjinga. Politifolk vil heller ha trafikk-kontroll enn å ta vondet ved rota, forståeleg nok.
Mange kriminelle – og slike bandar i sær – vert ofte rekrutterte mellom anna frå innvandrarmiljø. Her i landet har det vore vanleg å koma for seint til mange «tog». Førebygging av farleg utvikling har sjeldan prioritet. I det siste 15-20 åra med feil innvandringspolitikk og lite fokus på sortering, har mellom anna ført til ei utvikling som delvis vert styrt frå utlandet av kriminelle selskap. Heller ikkje straffesystemet er serleg mykje positivt å skriva heim om. Det skremmer i alle fall ikkje. Og fengselskapasiteten er ei tragedie. Drapsmenn og andre voldsforbrytarar som ein ikkje har plass til i fengsla, går lause på gata.
Så har ein fått eit rabattsystem i straffene som om skulle vera på samvirkelaget.
Det er ei tragedie å tru at «silkehanskemetoden» vil vera det rette i vårt land som produserar lovbrytarar an masse. Nyleg var bandekrigen i Oslo tema i ein debattprogram i TV. Aldri før hav vel politikarar og politi fått så mange ukvemssord og hån frå publikum «der hjemme» (på rulletekst) som i det programmet. Det fortel litt om den vanlege meining blant folk flest og om tilstanden og om respekten for politikarar. Her i landet har det vore brukt lite pengar på å møta problema i forkant. Ofte for seint. Det er vel difor knapt eit område i samfunnet som ikkje er forsømt. Grovt i somme tilfelle. Det skulle vera unødvendig å nemna berre nokre av dei. Men i oljeriket er det farleg å bruka for mykje til investeringsoppgåver. Det syntest difor å vera unødvendig å nemna berre nokre av dei. Men i oljeriket er det farleg å bruka for mykje til investeringsoppgåver. Det synest difor å vera vanskeleg og nesten umogeleg å «rette oppatt alle feil frå i går» Til det er forsømmingane for store. Måtte ein i alle fall sleppa å høyra gnålet støtt og stadig om «verdas rikaste land». Det står i grell motsetnad til tilstanden i dagens Noreg.
Endre Heggen