Litt om mediadekning av sport

Me som driv med skyting får ikkje den dekning som mange aktive kunne tenkt seg […]

Me som driv med skyting får ikkje den dekning som mange aktive kunne tenkt seg når ein ser i avisene etter ei helg kor der har vore eit stemne. Og som regel mange dagar etter. Mens frå fotball er der fyldig reportasje på måndagen. I ein sportsleg øvelse er der mange utøvarar, men berre ein tredjedel får premie. Men bak dei er der stor del som er med og betaler for desse premiane, og desse vert sjeldan nemnt. Det har og med at ein får ikkje med den heile breidde av aktive utøvarar, og det er viktig.
At eg nemner skyttarlaget er fordi det kjenne eg til. Men detta kan og gjelda andre lag som og kjenne seg igjen på. I fotball er det slik at gjer ein ikkje ein god kamp så er det ut, men slik er det ikkje i skyting, der er ingen som vert jaga. Der er det opp til ein sjølv å fortsetja, for kostnaden må ein ta sjølv. Og det kosta å vera med helg etter helg på stemne. Mens ein del andre lag tar kostnaden for sine utøvarar. Det er viktig for det sportslege miljøet at der er god dekning i avisene og ikkje minst i dei lokale og meir lik deling av spalteplass.
I fjernsynet er altfor mykje særleg fotball. Det er mest ikkje råd å slå på det apparatet utan at der vert nemnt noko om kampar, og så alt det snakket med spelar og trenar i etterkant. Kofor dei tapte eller vant. For nokon er det kanskje greitt, men mange seier at det er altfor mykje, og det er ikkje berre TV2, men også i kanal 1 kan der verta i meste laget. Detta kan og gå utøve andre som driv med ei eller anna form for sport. Veit ikkje om det kan kallast sport lenger, det er helst kamp om pengar, store pengar. Og for ein trenar er det, vinn eller forsvinn. Får håpa at redaktørane i dei forskjellige media ser på desse meiningar som her er nemnt.