Liv og læra

Den direkte bakgrunnen for at han ville treffa bygda sin unge garde, var fleire kritiske […]

Den direkte bakgrunnen for at han ville treffa bygda sin unge garde, var fleire kritiske lesarinnlegg i Grannar. I staden for å svara dei gjennom avisa, ville han snakka med dei i ein sosial setting rundt bordet. Dette var eit positivt tiltak som mange sette pris på. Begge partar fekk lufta det dei sat inne med og fekk stilla spørsmål.

Etter snart 1000 år, har etnebuen endeleg oppdaga sine mange kulturskattar og den framskotne posisjonen Etne har hatt i Noreg si historie. Det byrja med oppsetjinga av sogespelet Kongen frå Etne, der hendingane rundt Magnus Erlingsson (1156-1184) blei skildra av lokale skodespelarar. Mykje arbeid er lagt ned i Tusenårsstaden på Stødle. Store planar for kulturhus med idrettshall er presenterte for kommunen. Politikarane har ved fleire høve tatt til orde for å gjera Etne kjend som ei unik kulturbygd.

Dette, og ordføraren sine lovnader til ungdommen, samsvarer dårleg med politikarane sitt vedtak om å utsetja kommunen si avklaring for kulturhuset frå junimøtet, slik det har vore sagt, til oktober. Denne utsetjinga fører også til at reguleringsplanen for denne del av sentrum, der kulturhuset er ein sentral del, må venta. I ein frå før pressa økonomisk situasjon, er det forståeleg at politikarane må tenkja seg godt om før dei er med og set i gang eit så omfattande prosjekt. Men i første omgang er det snakk om vilje til å vera med.

Spørsmål politikarane bør stilla seg er: Skal ungdommen få eit klart svar på om dei skal få ein idrettshall eller ikkje? Skal kulturhuset få den utvidinga dei meiner er nødvendig for å utvikla Etne til ei moderne kulturbygd? Skal Tusenårsstaden få den plassen som det høver seg for kongebygda Etne? Kva følgjer får utsetjinga for utvikling av sentrum, nærings- og bustadtomter? Det er desse spørsmåla ungdommen og andre innbyggjarar vil ha svar på. Ikkje til hausten ein gong, men nå. Vår oppmoding til kommunestyret på tysdag er å gjera eit prinsippvedtak for kulturhuset. Detaljane kan venta til seinare.