– Livskraftig 40-åring

— Det var knallhardt, men kjekt å komma i gong, seier Gustav Løge Fosse, rektor […]

— Det var knallhardt, men kjekt å komma i gong, seier Gustav Løge Fosse, rektor ved Lundeneset vidaregåande skule etter opningskampen.
Lærarane ved Lundeneset hadde taket på Omega og gjekk av med sigeren 2-1. Dermed måtte Sigmund Lunde, pådrivar for banen, innsjå at laget hans tapte debutkampen på det nye underlaget.
Laurdag fekk han æra av å offisielt opna kunstgrasbanen. Banen er open for alle i nærområdet, og Lundeneset er ansvarleg for vedlikehald av banen.
— Til nå har det berre vore grusbane og det er ikkje så attraktivt. Då vel fort ungdommen datamaskinen, men med kunstgras ser me mykje større interesse blant ungdommen. Her får ein heile året som sesong og ein kan spela til ti om kvelden. Ved å plassera banen her ved skulen er me sikre på at den blir brukt, seier Lunde som er aktiv innan fotballen i Ølen.
Banen er for sjuer-fotball og prisen er ca. 1 million. Av dette kjem ein tredjedel frå offentleg tilskot. I tillegg har næringslivet i Ølensvåg og Lundeneset bidratt med midler.
— Livskraftig
I tillegg til kunstgrasbanen har Lundeneset tatt i bruk eit andre nærmiljøområde som inkluderer strand og kai. Også nybygget ved skulen blei tatt i bruk i haust.
Rektoren er svært nøgd med feiringa av jubileet.
— Det har vore veldig fine dagar med eit variert program. Det er alltid kjekt å markera eit jubileum. Samtidig er det ein sjanse til å sjå seg sjølv tilbake, men fokuset må vera framover. Eg konstaterer at me er ein livskraftig 40-åring, seier Løge Fosse.
Torsdag var alle 10. klassingane i Ølen og nabokommunane invitert til skulen i samband med jubileet. Om kvelden var det song og musikk ved skulen. Fredag stod middag og fest for spesielt inviterte gjester på programmet. Laurdag var det duka for fellesfrukost, opning av kunstgrasbanen, bedriftsfotballturnerning og open dag ved skulen.
Dametekke
Ola Aasland Vold og Johan Ydstebø starta laurdagen med ein frukost som stod til svært god karakter.
— Det er ekstra god mat i dag. Fantastisk, seier Aasland Vold i 2. klasse allmennfag.
— Ja, det er eit stort pluss, seier klassekamerat Ydstebø.
Dei hadde allereie før laurdag tatt kunstgrasbanen i bruk.
— Det er heilt topp. Banen er alltid i bruk, den er svært populær, seier Ydstebø.
Middagen fredag var berre for spesielt inviterte og Idar Sandanger i 2. klasse allmennfag har eit verv som gjorde han kvalifisert til gjestelista.
— Til festmiddagen fekk me oksesteik. Eg har aldri ete så mykje før, seier han.
Elevane har berre lovord om skulen sin, og at det er omlag to jenter per gut trekk ikkje akkurat ned trivselsfaktoren.
— Det er veldig sosialt. Her får ein masse venner uansett om ein vil eller ikkje. Det er eit veldig godt kristent miljø. Og så er det lett å få seg dame her, smiler Aasland Vold.