Ljoshall var underforsikra

Nå vil ikkje forsikringsselskapet betala ut full forsikring som dekker dugnadstimane. — Eg burde ha […]

Nå vil ikkje forsikringsselskapet betala ut full forsikring som dekker dugnadstimane.
— Eg burde ha sjekka polisen. Eg har gjort ein feil ungdomslaget får svi for, men If har òg gjort ein feil. Dei skyv alt ansvar over på meg som er amatør. Det er dei som er den proffe part, seier Geir Davidsen, leiar i Ungdomslaget Fram i Etne.
Totalt hadde ungdomslaget forsikring på Ljoshall for om lag 900.000 kroner. Av dette utgjer byggeforsikringa 360.000 kroner.
Davidsen skulle ynskja han hadde sjekka polisen på forsikringa, men meiner også at forsikringsselskapet må ta sin del av ansvaret.
— Assurandøren som den proffe part burde opplyst oss om at huset var underforsikra. Han burde ha skjøna at huset var verdt meir enn 360.000 kroner, seier Davidsen.
Avslo klage
Om lag 1.500 dugnadstimar gjekk med til restaureringa og ombygginga av Ljoshall til lydstudio. I juni ringte Davidsen If Skadeforsikring for å oppgradera forsikringa.
— Då trudde eg Ljoshall var brannforsikra. Eg betalte rekninga og trudde at alt var i orden, seier Davidsen.
Han såg ikkje meir på polisen før den fatale brannen 5. desember der Ljoshall brann ned.
Same dag meldte Davidsen frå til If om brannen.
— Då sa If at alt var i orden, men tysdagen fekk me opplyst at me hadde ei førsterisikoforsikring på 360.000 kroner, seier Davidsen.
Ungdomslaget klaga saka inn for kundeombodet i If, men har nå fått avslag. Neste instans blir Forsikringsklagekontoret.
— Eg føler meg urettferdig behandla. Eg synest ikkje på langt nær at forsikringsselskapet har gjort jobben sin, seier Davidsen.
Ope møte
Davidsen viser til ein Høgsterettsdom der eit forsikringsselskap tapte fordi dei ikkje hadde opplyst nok om avgrensingane i forsikringa.
— Forsikringsselskapet har eit ansvar for å informera om avgrensingane. Når ein kjøper ei forsikring må ein kunna stola på at ein får det ein har kjøpt, seier Davidsen.
To ulike skjønnsmenn frå If har vore og sett på Ljoshall og ungdomslaget ventar nå på svar frå desse om prisen på å bygga huset opp igjen.
I går kveld hadde ungdomslaget styremøte der Davidsen ville legga fram forslag om å få advokat til å sjå på saka. Om ungdomslaget er viljug til å gå til rettssak, meiner Davidsen at han åleine ikkje kan svara på.
Ungdomslaget har ikkje bruk for eit lagshus og kva som nå skjer med Ljoshall er uvisst. Det vil truleg ta tid før ei avgjerd blir tatt.
— Brannen har engasjert så mange i Etne at det må me ta opp på eit ope møte. Me håper Lydloftet etablerer seg i Etne for det er så viktig for bygda, seier Davidsen.