Ljoshall

Her tenkjer me på tap i fleire dimensjonar. Mange minner rundt den tidlegare aktiviteten som […]

Her tenkjer me på tap i fleire dimensjonar. Mange minner rundt den tidlegare aktiviteten som føregjekk i bygget, alle dugnadstimane og sjela som er lagd ned no dei siste par åra, samt kanskje det aller verste; at kanskje det mest interessante som skulle skje på kultur/næringslivssida i Etne no kanskje er lagd i grus.

Dei dyktige og ivrige eldsjelene bak lydstudioet har ikkje fronta prosjektet sitt med store ord og høg fane. Dei ville sjå korleis det heile bar fram så kunne heller resultata tala for seg sjølve. Dette gjer at det nok er mange Etnebuar og andre, som ikkje er klar over kor viktig dette prosjektet er (kunne ha vore) for Etne. Me snakkar då ikkje berre om at dette ville føra til arbeidsplassar, nye innbyggjarar og skattekroner i den slunke kommunekassa. Nei, det er noko meir. For oss som er (meir eller mindre) involverte i FuglFønix, så er dette prosjektet uhyre viktig. Dei konkrete planane om innspelingar av plater, konsertar, mediefokus og eit generelt liv i kulturbygda kan vera det litle som skal til for at Etnebuen framleis skal ha eit Fønix slik dei kjenner det. Me veit positivt at det er unge som har busett seg i Etne av di det finnes eit bra kulturtilbod med t.d. Fønix, og dersom det er eit mål om å ha flest mogeleg personar buande i kommunen, så vil resultatet av denne tragedien vera eit steg i feil retning. Satsinga på lydstudio var så mykje meir enn berre eit levebrød for dei tilsette, det var ei viktig knoppskyting i ei bygd som truleg har kultur og natur som sine sterkaste sider. Skulle me vera så privilegerte å få eit kulturhus til bygda med tida, er me på god veg til å skape eit kulturelt midtpunkt som vil skape liv i bygda samt inntekter til både kommunekasse og næringsliv.

Vårt mål er å gjera innbyggjarane i kommunen, og distriktet elles, klar over kva det var som skulle inn på Ljoshall, og kva ringverknader dette ville fått for heile bygda. Der andre ser ut til å ha fokus på fortidas minner, meinar me det er mykje viktigare å flytte fokuset til framtidas planar.
Me vil oppmoda alle om å la denne tanken siga inn litt, og at de så kan vurdera om de ynskjer å vera med og bidra til at ein på ny kan få realisert draumen om eit lydstudio i Etne. No vil det sikkert gå ei tid før det er klart kva ulike alternativ ein har i høve til ei evt. gjenreising av Ljoshall eller endre gode løysingar. Eg veit det er oppretta ein konto som skal gå til inntekt for gjenreising av huset, og me oppmodar folk om å setje inn pengar her. I tillegg er det mange dyktige personar med fagkunnskapar og engasjement som bør dele kunnskapane sine med dei skadelidde.

Dersom engasjementet vert slik det bør i samband med denne tragiske hendinga, er det mulig å gjenreise både bygg og prosjekt på ein måte som kan gagne alle. Berre sjå på den massive støtta frå profilerte artistar rundt om på Haugalandet. Dette viser kor viktig mange meinte at planane om lydstudio var.


Med helsing frå
Jan Terje Rafdal
og Albert Rafdal