Ljoshallbrannen og forsikring

Det store mektige forsikringsselskapet, og Geir Davidsen, som me alle har lært å kjenna som […]

Det store mektige forsikringsselskapet, og Geir Davidsen, som me alle har lært å kjenna som ein dugande kar, samfunnsengasjert og pliktoppfyllande. Når ein tar kontakt med eit forsikringsselskap er det sjølvsagt for å sikra seg dersom uhellet skulle vera ute.
Dei to siste åra har eg sjølv vore ansvarshavande og utførande i samband med tre byggjesaker. Påbygg hytte, påbygg og restaurering av bustadhus og påbygg næringsbygg. Når byggjeperioden starta, har eg tatt kontakt med vedkommande forsikringsselskap (to forskjellige) per telefon, og sagt at eg skulle ha brannforsikring under byggjeperioden. Eg har då fått ein mengde spørsmål, om størrelse, byggjemåte, materialval, innreiingar, fliser på vegg m.m. Den vanlege «mann på gata» har sjølvsagt ikkje greie på prisar, dette må han heilt og holdent overlata til sakshandsamaren.
Etter at samtalen var avslutta sa eg til kåna: Nå er alt i orden, det var godt me hugsa på det.
Hadde det vore If eg snakka med hadde saka tydlegvis IKKJE VORE I ORDEN, etter som eg forstår artikkelen i Grannar.
Då papira frå forsikringsselskapa kom (ei mengd papir) reiv eg av arket med bankgiroen og såg på beløpet. Dette var vanlegvis ikkje så stort, og utgjorde ekstrakostnaden fram til hovudforfall.
Sagt med andre ord, eg har sjølv i desse tre tilfella gjort akkurat det same som Geir Davidsen.
Det handlar her om tillit, det er kontaktpersonen i forsikringsselskapet som er fagmann, og som kunde må ein forventa at ein blir behandla på beste måte.
Her er blant anna nemnt dugnadstimar, dette har jo ingen ting med saka å gjera. Det er jo den verdiskaping som vert tilført, ein ynskjer å forsikra.
For mange av oss i Etne var Ljoshallbrannen ein katastrofe. Det var så mange gode minner om gamle dagar knytt til dette huset. Det er difor ein framtidsdraum at Ljoshall i «nye klær» skal stå der akkurat som før.
At If handsamar saka slik dei gjer, opprører eit heilt bygdesamfunn. Det kan etter mitt skjønn, ikkje vera klokt, at spissfindige juridiske formuleringar, og «små bokstavar» skal vera avgjerande. Før hadde me eit gamalt ordtak som sa at me må «mobilisera bondehæren», men håpar det ikkje blir nødvendig. Mitt råd til alle partane er, kom til forhandlingsbordet, til beste for begge, og oss alle.

Trygve Birkenes
Etne