Lokal påverknad

Vel så viktig som å få på plass lister til valet er utarbeidinga av eit […]

Vel så viktig som å få på plass lister til valet er utarbeidinga av eit valprogram. Kva saker er det partiet skal jobba for å få gjennom denne fireårsperioden i kommunen? Det er viktig for veljarane å vita før dei skal gå til valurnene om litt over eit halvt år.

Dermed er det no innbyggjarane har ein sjanse til å påverka politikken til dei lokale partia. For sjølv om dei politiske partia har ei grunnhaldning som er lik, er det ikkje den som betyr mest når ein skal sitja i eit kommunestyre i ein liten bygdekommune på Vestlandet. Då betyr personlegdomen til politikaren meir, for det er jo trass alt dei lokale innbyggjarane som kjenner dei lokale forholda og best veit korleis ein kan løysa dei.
Kva grunnhaldning moderpartiet då har, betyr mindre. Difor kan ein også få samarbeidskonstellasjonar som ein i utgangspunktet ikkje skulle forventa, men som fungerar på lokalplan fordi politikken først og fremst vert forma ut frå dei einskilde personane og ikkje partiet.

Og difor er det nettopp no innbyggjarane i både Vindafjord og Etne har sjansen til å påverka og vera med å forma politikken dei neste åra. Det er no arbeidet med dei lokale valprogramma startar for fullt, og det er no ein kan ta kontakt med dei ulike partia og fortelja kva saker som er viktige og som ein vil vita noko om før ein går å stemmer.
Oppmodinga til partia er å lytta til kva folk ønskjer svar på og vera så konkret som mogeleg. Det er nok å nemna stikkord som eigedomsskatt, nedlegging av skular og helse og omsorg for å finna aktuelle tema i våre kommunar. Korleis vil dei ulike partia løyse desse utfordringane? Dette er noko av det me vil ha svar på.