Bjørnar Larsen fekk Sofus Opsals minnepris for andre gong, og får vandrepokalen til odel og eige.
Det at unge vindafjordingar har gjort det godt på ski i vinter, har både politikarar og sponsorar merka seg. Ordførar Arne Bergsvåg drysste milde pengegåver frå kommunen over dei tre skiheltane. Politikarane hadde kome fram til at internasjonale prestasjonar burde verdsetjast endå litt høgare enn nasjonale prestasjonar, fortalde ordføraren. Dermed fekk den doble paralympiske meisteren frå Ølen, Andreas Hustveit, ei litt flottare gåve enn dei to skigutane frå Sandeid.
Lars Olav Larsen heldt fram med å dela ut milde gåver frå Vindafjord Idrettslafg, frå Rogaland Skikrets og frå Haugaland Kraft.
Kulturkonsulent Eva Kalstveit overrekte Sofus Opsals minnepris til Bjørnar Larsen. Han skulle eigentleg ha fått prisen på det siste kommunestyremøtet før jul. Ettersom det er andre gongen Sandeid-guten får denne prisen, er vandrepokalen hans til odel og eige.
Lokale skiheltar vart heidra
Bjørnar Larsen fekk Sofus Opsals minnepris for andre gong, og får vandrepokalen til odel og […]