Lokale skyttarar slo til

Etter finaleskytinga hadde Anders Hundseid frå Etne, Vidar Øye frå Tørsvikbygd og Asle Kvamsdal frå […]

Etter finaleskytinga hadde Anders Hundseid frå Etne, Vidar Øye frå Tørsvikbygd og Asle Kvamsdal frå Stord alle skote fullt hus med 350 poeng. Dermed trongst ei spennande omskyting for å kåra meisteren.
I omskytinga fekk Anders Hundseid 100 poeng, Atle Kvamsdal 99 poeng og Vidar Øye 98 poeng.
I juniorklassen blei Nils Fredrik Espevold frå Vikedal beste lokale skyttar med 346 poeng. Dette heldt til fjerdeplass.
Desse to representerte saman med ein frå Stord og ein frå Bømlo Sunnhordland Skyttarsamlag på samlagsskytinga for rekrutt og junior. Dei vann med 1396 poeng, to poeng føre Hardanger og Voss.
Vikedal Skyttarlag vann lagskytinga for ungdommar med 295 poeng, eitt poeng framfor Seim Skyttarlag. På vinnarlaget var Ida Espevold, Erlend Vikedal og Nils Fredrik Espevold.
Blant seniorane blei Johannes Hundseid beste lokale skyttar med 344 poeng. Med 100 poeng i finalen trongst det omskyting om tredjeplassen. Hundseid enda til slutt på ein fjerdeplass, med 99 poeng i omskytinga.
Eivind Lien frå Ølen fekk 338 poeng i finaleskytinga, og Svein Magne Stokkevåg frå Vindafjord fekk 337 poeng. Begge fekk utdelt stjerne for god skyting.