Store kapitalkostnader knytt til investeringar for å huse kommunale aktivitetar, utover øyremerkte «Ernamidlar», vil måtta gå ut over kvalitet på tenestene. Dette tok intensjonsplanen høgde for å unngå når den la opp til å nytta dei høvelege bygningar me alt har. Aksept for dette prinsippet ligg i resultatet frå folkerøystinga. I dette ligg også at ein må akseptera at tenester ikkje alltid blir optimalt plassert i denne fasen.
Det er ikkje vanskeleg å sjå at særleg innbyggjarretta tenester bør vera lett tilgjengeleg for brukarar. Dette kan likevel avhjelpast. – Nett for å gjera kommunen brukarvennleg skal det finnast høgt utvikla servicetorg i fleire bygdar. Desse vil gi rom for utekontor med konsultasjonsmulighet etter behov, og slik skapa nærleik og lett tilgjenge.
Når det gjeld PPT stiller det seg likevel noko annleis.
Her tel det mykje å få etablert ei ekstra god teneste gjennom samarbeid med Etne. Ved handsaminga av lokaliseringsaka i Fellesnemnda fann ein ikkje fleirtal for å seia noko spesifikt om PPT, – i vedtaks form. Det vart likevel gitt klåre signal frå KrF og fleire hald om at med samarbeidsavtala på plass må ikkje ein lokaliseringstvist få øydeleggja.
Samarbeid over kommunegrenser kan bli aktuelt på fleire felt og me kan ikkje tillata oss å missa av slike grunnar,- i første forsøk.
KrF ventar at dette blir tillagt avgjerande vekt.
Oddvar Haugland,
leiar i Vindafjord KrF