Lommebok og eldreomsorg

Det er stadig fleire travle familiar som kjøper seg vask av huset, og det kan […]

Det er stadig fleire travle familiar som kjøper seg vask av huset, og det kan også eldre gjere dersom dei har råd til det. Mange eldre er sikkert for konservative på dette området. Men utspelet frå eldrerådet er uheldig fordi forslaget blir blanda saman med den tenesta det offentlege skal stille opp med.

Det kommunale tilbodet bør vere ei sak for seg, der det er visse standardar. Ein kjem ganske raskt over på feil spor dersom det offentlege kan kutte i tilbodet fordi eldre kan kjøpe omsorgstenester hos andre. Difor er det også viktig å passe på at ein ikkje tar små steg i den retninga.
Meiningsmålingar Kommunenes Sentralforbund har henta inn, viser at mange ønskjer å kunne kjøpe ekstra omsorgstenester i framtida. Blir det utviklinga, får vi eit A- og B-lag ved livets slutt bestemt av den enkelte si lommebok.

Tillit til media
Ein sentral mediedebatt i veka som gjekk, var om det er rett å identifisere ein profilert TV2-reporter som har hatt eit personleg forhold til ein terrorsikta mann. Telefonsamtalar mellom dei to er blitt avlytta av politiet. TV2 vil ikkje gå ut med namnet fordi ho verken er mistenkt eller sikta i saka.
Vi er ganske sikre på at det er mange aktuelle personar i det norske samfunnet som hadde blitt namngitt av TV2 dersom dei hadde hatt nær kontakt med personar som er terrorsikta. Tidlegare Frp-politikar Jan Simonsen fekk ein heil dokumentar i TV2 fordi han hadde litt spesielle venner i eit restaurantmiljø. Simonsen var heller ikkje sikta eller mistenkt for noko.