Ein bonde i Imsland må svi for kommunen si vankunne om lovparagrafar i ei byggjesak i bygda. Svein Cato Birkeland søkte om å få byggja naust på eigedommen sin. Han hadde sett seg ut ei lagleg tomt ved Imslandssjøen. Men bygningssjefen var ikkje samd i plasseringa, og gav han byggjeløyve på vilkår av at naustet blei plassert ved eit anna naust nærmare Imslandssjøen, like i nærleiken av parkeringsplassen til kyrkja.
Birkeland retta seg etter kravet og starta byggjearbeidet. Men vel kommen i gang, og etter 60.000 kroner i utgifter, fekk han kontrabeskjed. Han hadde ikkje lov til å byggja på den tilviste tomta likevel. Kyrkjeverja hadde med Kyrkjelova i hand, sagt stopp for byggjearbeidet med grunngjeving i at naustet ville komma for nær kyrkja. Ein stoppordre biskopen i ettertid har ratifisert. Kyrkjeverje Inghart Lasse Tveit tykkjer dette er ei trasig sak, som kunne vore unngått dersom dei rette lovparagrafane var nytta frå starten. Tveit understrekar at det er kommunen sitt ansvar å kartleggja moglege konfliktsituasjonar.
Men bygningssjef Kjell Kjærland, som gav det famøse byggjeløyvet, fråskriv seg alt ansvar og meiner kommunen ikkje har erstatningsansvar overfor den uheldige naustbyggjaren. Grunngjevinga hans er at plan- og bygningskontoret, der han er ansvarleg, ikkje har noko med saker som kjem inn under Kyrkjelova å gjera. Rådmann Gerd Ingunn Opdal deler hans oppfatning.
Naustbyggjaren kvier seg for å engasjera advokat. Han fryktar at det vil påføra han enda større utgifter. Dessutan likar han ikkje konfrontasjonar. Han vil ikkje skapa strid og søkjer heller på nytt om å få byggja naust på Busshamar.
Dersom ikkje kommunen tar ansvar for å ha gitt byggjeløyve på sviktande grunnlag, får Birkeland ei ekstrarekning på naustet på 60.000 kroner. Det kan ikkje vera rett at ein mann som prøver å følgja lova til punkt og prikke skal svi for at kommunen sine byråkratar ikkje følgjer med i timen. Me oppmodar politikarane i Vindafjord til å finna ei løysing som ikkje påfører ein lovlydig innbyggjar unødige kostnader.