I eit lesarinnlegg i torsdagens Grannar uttrykte fire kvinner bekymring for fysioterapitilbodet i Skånevik der det er snakk om at fysioterapeuten i Skånevik skal nytta ein dag i veka i Etne.
— Me bygger ikkje ned tenesta i Skånevik. Me held på å omorganisera og i samband med det vurderer me behovet for både fysioterapeut og ergoterapeut i Skånevik og Etne, mot tidlegare der me berre kunne tilby fysioterapeut, seier Kallevik.
I oktober i fjor vedtok kommunestyret i Etne Handlingsplanen for fysioterapitenesta 2005-2008. Dette inneber eit samarbeid mellom private og kommunale fysioterapeutar og tilsetjing av ein ergoterapeut i 50 prosent stilling.
1. januar blei ein ergoterapeut administrativt tilsett for tre månader, men Kallevik forventar at stillinga blir permanent i løpet av kort tid, når alle brikkene i omorganiseringa er på plass.
Eitt års ventetid
I lesarinnlegget blei det også peika på den lange ventetida. Kallevik seier at dei har fokus på å få ned ventelistene i Skånevik, som er på nesten eitt år for kurativ behandling. Med ein ergoterapeut på plass trur ho på betring.
— Helseavdelinga skjønar at folk er urolege over fysioterapitenesta i kommunen fordi tenesta i lang tid ikkje har fått gitt eit tilbod som kjem behova i møte, seier Kallevik.
— Er fysioterapitenesta i Etne for lite effektiv?
— Nei, men arbeidsoppgåvene har vore så mangfaldige og krevjande at i samråd med lege har ein måtta redusera på tilbodet til dei som kan venta litt på behandling, seier Kallevik.
Ho viser til at Etne har mange barn med fysiske funksjonshemmingar som treng oppfølging og at talet på nyopererte/behandla pasientar stig.
Tålmod
— Eg ber om at folk gir oss tid i omorganiseringa. Målet er å gi innbyggjarane i Etne eit betre tilbod ved å bruka rett kompetanse på rett plass, seier Kallevik.
Ho håper å ha skissa på omorganiseringa på plass i slutten av januar/byrjinga av februar. Før denne er klar, kan ho ikkje gå ut med konkret informasjon.
— All informasjon, som helseavdelinga meiner er viktig for den enkelte brukar, vil skje gjennom oppslag, brev til kvar enkelt brukar og i pressa, seier Kallevik, som oppfordrar folk til å ta kontakt dersom dei har spørsmål.