Lovar bot og betring

Det var tidlegare i desember at direktoratet i eit brev bad kommune gjera greie for […]

Det var tidlegare i desember at direktoratet i eit brev bad kommune gjera greie for sin medverknad i lanseringa av Erling Skakke-konjakken. I svarbrevet skriv ordføraren mellom anna at Etne kommune medverka med dei historiske sogespelet «Kongen frå Etne».
Vidare skiv Enge at: «Ordføraren i Etne hadde ikkje hjarta til å stoppe Grev Nicolas når han under talen sin kom i skade for å nemne korleis vsop og xo Erling Skakke Cognac blir laga, og kor desse edle dropane blir produsert.
Dersom Grev Nicolas si framføring var i strid med regelverket som gjeld på dette området, orsakar eg dette. Etne kommune kjem ikkje til å tolerera liknande feil ved seinare høve, og lovar samtidig at me ikkje kjem til å lansere fleire alkoholhaldige drykkar på måtar som kan vera i strid med gjeldande reglar for alkoholreklame».

For billig?
I brevet frå Sosial- og helsedirektoratet peikar dei også på at det er forbod mot å dela ut alkoholhaldig drikk til forbrukar i marknadsføremål, og at forbodet også råkar utdeling som skjer mot eit symbolsk vederlag.
Til dette svarar Amund Enge at kvart glas med konjakk vart selt for fem kroner, og at nokon kan meina dette er for billig.
«Til samanlikning kan du i Haugesund by kvar laurdag midt på dagen kjøpe kaffi og Cognac for ein pris av kr 15.- fullt lovleg. Det var eg som bad ein lokal skjenkestad om å stå for salet på det området me hadde peika ut. Søknad om skjenking ved enkelthøve blei sendt til rett instans og der handsama etter vanlege reglar», svarar ordføraren.

Merkevarenamn
Amund Enge bed også om tilgjeving «på lik line som direktoratet òg må tilgi ordføraren i Steinkjer som på riksdekkande fjernsyn på nyheitene 13. november lanserte Jacob Weidemann Cognac med brask og bram».
Etneordføraren viser også til at fleire media kvar veke presenterer vin og andre alkoholhaldige drikkar både på fjernsyn og i avisspalter.
«Under siste program i serien «TV 2 hjelper deg» (30.11.06) blei det presentert ein test og kåring av dei beste akevittane som er i handel i Noreg. Det blei vist både smilefjes og terningkast på dei ymse typane. Det blei gjort poeng av at prisen var viktig før den beste akevitten blei peika ut. Det var Arcus som var produsent og sto for introduksjonen. Dette minna svært mykje meir om reklame enn vår beskjedene framvising», skriv ordføraren.
I svarbrevet peikar ordføraren også på at kommunen er svært kry over historia si og at kommunen lenge har leita etter noko som kan gjera Etne sin mest kjende mann, Erling Skakke, til eit merkevarenamn. Han er difor glad for at det også vart lansert eit nytt Skakke-brød.
«Denne lanseringa fekk på langt nær så stor merksemd i pressa som cognacen vår fekk», skriv Amund Enge.