Med kvite klede og glitter i håret var Luciatoget eit flott syn i den elles så grå desemberdagen. Etter ei rask øvingsøkt på bedehuset kledde borna seg i dei kvite kleda og stilte opp i toget. Så gjekk dei bort det vesle stykket til omsorgsenteret.
Det var eit noko annleis Luciatog på grunn av vêret – alle kvite klede var dekka av fargerike regnklede – men då dei kom inn vart dei atter kvite og fine. Lucia tyder lys, og at det vesle toget med born var eit lys i dei eldres kvardag kunne ein lett sjå. Dei smilte glade medan dei høyrde på den flotte songen og tok imot dei gode lussekattane og peparkakene borna hadde med.
Siri Eikemo, leiaren på tripp trapp i Skånevik, har denne hausten gått inn for å lære borna nynorskutgåva av Lucia-songen. Sidan det i år er jubileumsår for Ingvar Moe, passa det ekstra godt at borna lærte seg hans utgåve. Sjølv om ein del av foreldra sleit litt med nynorskutgåva, stemte borna i av full hals. Etter opptreden gjekk dei tilbake til bedehuset for å ha juleavslutning med kaker, brus og kaffi.
Luciafeiring på omsorgsenteret
Med kvite klede og glitter i håret var Luciatoget eit flott syn i den elles […]