Lukkeleg slutt

Men som så mykje anna, har ikkje endringa skjedd utan sverdslag. Først vedtok kommunestyret i […]

Men som så mykje anna, har ikkje endringa skjedd utan sverdslag. Først vedtok kommunestyret i Vindafjord at barnehagen framleis skulle vera privat. Men på julemøtet i desember i fjor, gjorde politikarane heilomvending og vedtok at barnehagen skal vera kommunal. Dei som trudde at sanitetskvinnene var leie seg for det, tar feil. Oddny Skjold, leiar i Øvre Vats sanitetsforening, er glad og letta over at kommunen tar over. Ho fortel til Grannar at dersom ikkje kommunen hadde skifta meining, hadde det ikkje vore barnehage i bygda lenger. Ikkje på grunn av at sanitetskvinnene ikkje likar barna i Vats, men av di det er for stort arbeid og ansvar å driva ein moderne barnehage slik dei har gjort i mange år. Utanom statstilskotet, som for det meste går til å lønna personalet, har det meste vore utført på dugnad.

Det var ikkje berre vedtaket på desembermøtet som fekk fram smilen på festen onsdag i sist veke. Vedtaket i kommunestyret dagen før om å utvida barnehagen med ei avdeling, sette ein ekstra spiss på festen. Dette vedtaket var gjort etter påtrykk frå foreldre i Vats og Sandeid, som også fekk ei ekstra avdeling til sin barnehage. Lenge var det uvisst om politikarane ville komma foreldra i møte. Men til slutt bestemte dei seg for at dei minste barna i Sandeid og Vats skulle få barnehageplass til hausten, og fiksa både pengar og nødvendige vedtak. Og etter det ordførar Reidar Håvås trur er det no full barnehagedekning i kommunen.
Me har i denne spalta kritisert politikarane for å vera trege og at dei ikkje lyttar til signal frå folket. Denne gongen vil me gi ros til politikarane som forstod alvoret og til sanitetskvinnene i Vats for deira innsats for dei minste i bygda sidan 1976.