Luktar på ny lågpris

JON EDVARDSEN jon.edvardsen@grannar.no Desse vyane blir stadfesta av styreleiar Arne Borgemyr i Ølen Samyrkelag. Laget […]

JON EDVARDSEN
jon.edvardsen@grannar.no

Desse vyane blir stadfesta av styreleiar
Arne Borgemyr i Ølen Samyrkelag. Laget
skal ha årsmøte 25. mars, men der blir det
berre orientert om linjene styret vil arbeide
etter. Skal det vedtakast noko før årsmøte
i 2010, må det i tilfelle bli på eit ekstraordinært
årsmøte i det lokalt kundeeigde samyrkelaget.

Mega pluss Byggmix
— Styret har berre diskutert saka, det er
ikkje lagt fram noko innstilling. Difor blir
det ikkje noko anna enn orientering på årsmøtet.
Vi må ha meir tid på oss, og er ikkje
klar til å konkludere om kva vi vil, seier
styreleiar Borgemyr.
Men styret har gitt klarsignal til å arbeide
vidare med planar med ei utviding ved Ølen
senter som skal gi plass til ein kombinasjon
av Mega-butikken og Byggmix som i dag er
i Sjoargata i andre enden av sentrum.
— Vi har gjort oss tankar om det ut frå
erfaringar i Coop om at det er gunstig å
kombinere Mega med den typen varer ein
har i Byggmix, seier han.
Utfordringa er å bli kvitt eller skaffe alternativ
bruk for bygningen i Sjoargata.
— Gamle Byggmix kan ikkje stå tomt, vi
må finne ein bruk for det. Men eg ser ikkje
på det som låst. Ølen er kommunesenter og
ein kan vente seg ekspansjon.

Heller lågpris
Men utviding ved Ølen senter, utelukkar
ikkje at Samyrkelaget vil kome seg nærmare
E134 med ein daglegvarebutikk. Det
blir i tilfelle snakk om nyetablering av ein
lågpris Prix-butikk.
— Å liggje ved Europavegen er i seg
sjølv ein fordel og det vil vi arbeide vidare
med. Men det blir i tilfelle eit konsept med
billigbutikk, Prix med andre ord, seier
Borgemyr.
Samyrkelaget gir ikkje opp sjølv om dei
fekk nei av kommunen til å etablere daglegvare
i Fatlandskogen.
— Vi har fleire ting å avklare: Vi må finne
ei høveleg tomt og utbygginga må skje
saman med andre. Kommunen har peika
på sandtaket i Eiodalen. Geografisk er det
gunstig nok ved E134, men eg er meir skeptisk
til vegløysinga. Eg er redd at vegvesenet
kan blokkere det. Det må truleg ei ny løysing
for krysset. Men sidan kommunen har
peikt dette området, vil dei sikkert bidra til
å finne ei løysing, seier Borgemyr.

Tøff konkurranse
Rett over gata i Eiodalen, på den såkalla
HSD-tomta, er eigaren av haugesundbaserte
Totalinvest AS i gang med planar om
ei utbygging som skal inkludere ein lågpris
daglegvarekjede.
Spørsmålet er om to nye lågprisbutikkar
kan overleve i Ølen sentrum.
— Konkurransen kan bli tøff, og vi veit
ikkje i dag om det er realistisk dersom det
blir to. Her er det mange ting som må avklarast,
ikkje minst når tid vi kan få tilgang på
tomt, seier Borgemyr.
Til samanlikning har Etne sentrum to
lågprisbutikkar i Prix og Rema 1000 i tillegg
til det breiare konseptet i Spar. I Ølen
er den nærmaste lågpriskjeda i nabobygda
Ølensvåg med Kiwi.