Lydig nok for EM

Dei siste vekene har Synnøve Matre frå Sandeid og Kjellaug Selsaas frå Vats finpussa dressuren […]

Dei siste vekene har Synnøve Matre frå Sandeid og Kjellaug Selsaas frå Vats finpussa dressuren på hundane sine som skal representere det norske flagget. Selsaas deltar med Loppa (Border Collie) som er sju år, og Matre stiller med Copper (Golden Retriever) som er ein fersking med sine to år.

Spente på varmen

Selsaas og Matre er dei einaste frå Vestlandet som er tatt ut blant dei ti norske som skal vere med i EM i lydigheit for hundar. Selsaas skal også delta i lagkonkurransen der kvar nasjon har seks hundar med på laget.
— Vi er spente på varmen i Torino. Blir det rundt 30 grader som det har vore i det siste, gjeld det å ha ein hund med god kondisjon, fortel hundeeigaren frå Vats.
Selsaas er mest opptatt av å gå ein god konkurranse med Loppa utan dei store uhella. Det er krevjande øvingar med små marginar og det skal lite til før det blir ein miss. Synnøve Matre sin Copper er med på eit internasjonalt stemne for første gong, og han blir rekna som ung og lovande.

Har erfaring

Dei har deltatt i VM to gonger før og har dermed erfaring frå store meisterskap. I VM i Dortmund i fjor fekk Selsaas og Loppa 33. plass, medan Matre deltok med Scar som må vere heime denne gongen. Dei fekk ein respektabel 14. plass.
Loppa gjorde det sterk i NM tidlegare i år med ein 4. plass. Det er ein fagkomité i Norsk KennelKlub som tar ut dei norske deltakarane. Selsaas og Matre reiste til Italia på tysdag, men dei skal ikkje i elden før på søndag. Dagane før blir brukte til trening og akklimatisering. Tevlinga skal vere i friluft, og stiller dermed ekstra krav til at hundane taklar varme.

Godt kompaniskap

— Det er ein balansegang når ein trener før store stemne. Ein må trene, men ikkje så mykje at hunden mistar motivasjonen. All dressur med hund må vere positivt ladd, og den må ha det kjekt, fortel Selsaas.
Godt kompaniskap mellom hund og førar er kanskje det viktigaste, meiner ho. Og under trening skal hunden helst lukkast og ikkje feile for mykje. Tankegangen er at hunden vil gjenta det den har fått skryt for å gjere rett. På søndag handlar det om at hunden og eigaren er på bølgjelengde.